Influensa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Influensa er ein infeksjonsjukdom som rammar svært mange menneske kvart år i sesongen. Han er ein viktig grunn til akutt sjukdom, og ofte blir det ein tydeleg overdødelighet i befolkninga i sesongen.
To typar av viruset, Influensa type A og B, gir årlege utbrudd eller epidemiar av skiftande styrke hos menneske.
Symptoma er feber, muskelsmertar, hodepine, tørrhoste og slappheit. Mageplagar er sjeldne, men ein kan sjå dei hos barn. Sjukdommen varar oftast 7-10 dagar.
[endre] Kjelde
Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over medisinspirer. |