Ionebinding
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjemiske bindingar
|
Ionebinding er kjemisk binding mellom to grunnstoff med ulik elektronegativitet. Denne typen binding skjer mellom metall og ikkje-metall. Atoma må få eller mista elektron slik at dei vert ion før bindinga skjer. Ion med motsett ladning tiltrekk kvarandre. Metallionet er positivt. Det andre ionet er negativt.
Stoff som er danna ved ionebinding er krystallinske, har høge smeltepunkt og vert kalla salt. Natriumklorid (NaCl) er eit eksempel der begge iona har like stor ladning. I kalsiumklorid (CaCl2) er ladninga til kalsiumionet dobbelt så stor som ladninga til klorionet.
Bindinga har kovalent karakter i større eller mindre grad.