Jakarta
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jakarta er hovudstad og største by i Indonesia og ligg på den nordvestlege kysten av øya Java. Innbyggjartalet er ca. 8,8 millionar (2004), men heile 17 millionar i byregionen.
Byen vart grunnlagt som nederlandsk handelsstasjon i 1619. Han vart da kalt Batavia. Dette namnet hadde byen fram til 1949. Det noverande namnet stammar frå den indonesiske hamnebyen som Batavia vart bygd på ruinene av. Det gamle bysentrumet har kanalar etter nederlandsk mønster.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |