Johan Christian Johnsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Christian (Chr.) Johnsen (fødd 23. juli 1815 i Kristiansand, død 2. februar 1898) var ein norsk journalist, redaktør og leksikograf. Han grunnla i 1848 vekebladet Almuevennen. Hans Norsk Haandlexikon for almennyttige Kundskaber (3 band, 1879-1888) var det første leksikonet på norsk som kom ut i Noreg.