Karita Bekkemellem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karita Bekkemellem (f. 15. januar 1965 på Lillehammer, som gift Karita Bekkemellem Orheim) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Ho har vore stortingsrepresentant i fleire periodar og blei i 2005 utnemnd til statsråd for likestillings- og forbruksdepartementet i regjeringa Stoltenberg II.
I stortingsvalet 2005 blei Bekkemellem vald inn til sin femte periode for Møre og Romsdal fylke. I regjeringa Stoltenberg I var ho statsråd for Barne- og familiedepartementet, og då denne gjekk av blei ho fraksjonsleiar i Kyrke-, utdannings- og forsningskomiteen på Stortinget. Ho er òg leiar for Arbeidarpartiets kvinnerørsle.
Bekkemellem har to ungar frå eit tidlegare ekteskap.