Karlstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karlstad er ein by i Sverige. Byen ligg på nordsida av Vänern, på eit delta skapa av Klaraelva. Byen ligg i det svenske landskapet Värmland. Byen er administrasjonsstad for kommunen Karlstads kommun, for länet Värmlands län og for Karlstads stift. Karlstad er mellom anna kjend for det såkalla Karlstadforliket, som la grunnlag for ei fredeleg gjennomføring av unionsoppløysinga i 1905.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |