Karnatisk musikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karnatisk musikk er ein sør-indisk klassisk musikktradisjon som byggjer på ragam- og talamsystema. Karnatisk musikk skil seg frå den nord-indiske klassiske hindustani-musikken mellom anna ved den større vekta på samsvar mellom praksis og musikkteori og ved den mykje meir stringent strukturerte musikkteorien. Den karnatiske musikken er først og fremst av religiøs natur, med hinduistiske lovsongar som hovudsjanger. Sekulære verk inkluderer først og fremst humoristiske komposisjonar, filmmusikk eller barnesongar.
Ein kommentar om skrivemåte og uttale i denne artikkelen Mange ord i denne artikkelen er på den gamle indoeuropeiske språket sanskrit. Skrivemåten her følgjer dei etablerte prinsippa for vitskapleg transkripsjon av indiske språk. Merk særleg at bokstaven c ikkje står for ein k-lyd, men for ein ustemd palatal plosiv som i trøndske målføre «itj». I dravidiske språk kan denne stundom bli uttala som s, og ein kan òg stundom høyre affrikatuttalen tsj.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hovudartikkel: Karnatisk musikkhistorie
Historia åt karnatisk musikk går attende til omlag 2000 føre den moderne tidsrekninga og til opphavet som andeleg ritual i tidleg hinduisme. Den karnatiske musikken og den nordindiske musikken utvikla seg saman or Sama Veda-tradisjonen fram til den mongolske invasjonen av Nord-India kring byrjinga av 1200-talet. Frå da av vart utviklinga av indisk musikk splitta i to hovudgreiner og den nord-indiske musikken (både i si muslimske og hinduistiske form) kom til å bli mykje påverka av arabisk musikk.
Det er fleire teoriar om opphavet åt namnet karnāṭaka sangītam (sanskrit कर्नाटक संगीतं). Hovudteorien er, logisk nok, at det heng saman med at denne musikkforma har sitt direkte opphav i Karnataka. Andre teoriar inkluderer samanheng med sanskritord med tydingane ‘å gleda øyra’ og ‘tradisjonell’.
[endre] Teori
Karnatisk musikkteori kan vera vanskeleg for europearar å skjøna og blir ofte misforstått. Grunnen til det er at karnatisk musikk ikkje er basert på den same oppfatninga som europeisk musikk er. Mange omgrep i europeisk musikk har ikkje liketydige omgrep i karnatisk musikk. Dei fleste orda frå europeisk musikk sin grunnterminologi kan derfor ikkje brukast for å skildra karnatisk musikk.
Karnatiske tonar og den karnatiske skalaen er basert på to omgrep, śruti og svara, som står i samhøve til kvarandre. Karnatiske melodiar er basert på rāga, og rytmen i karnatisk musikk er basert på tāla.
[endre] Karnatiske tonar og melodiar
I motsetnad til vestleg musikk har moderne karnatisk musikk ikkje kategoriar som er liketydige med tonika eller tonearten. Karnatisk musikk har berre ein grunnskala som er basert på den karnatiske tonen 'śadjam', forkorta til 'sa' (som liknar tonen 'C' på vestleg musikk). Skalaen har tre toneregister, som grovt sett svarar til dei tre oktavane låg C, høg C, og normal C.
[endre] Śruti, svara og svarasthāna
Sjå òg: śruti, svara
Ordet 'śruti' er i dag brukt for å tyda eit av dei tre toneregistra eller, meir presist, tonen 'sa' i det registret, som stemmer andre tonar i skalaen. I gammal indisk musikkteori var kvart register delt opp i 22 einingar som òg heitte śrutiar. Desse śrutiane var ikkje tonar, men berre eit mål av avstanden frå ein tone til den neste. Setjinga til kvar tone i den gamle skalaen var rekna i høve til kor mange śrutiar kom imellom den tonen og den føre. Mange indiske teoretikarar hevdar at śruti-omgrepet berre var nyttig i gammal indisk musikk og ikkje har noko samband med moderne karnatisk musikk, men det er ganske vanleg å bruka śrutiar i musikkteoribøker for å skildra den moderne karnatiske skalaen også.
Namn | Symbol | Vestleg tone |
---|---|---|
Shadjam | Sa | C |
Suddha Rishabham | Ri1 | D♭ |
Chathusruthi Rishabham el. Suddha Gandharam |
Ri2 / Ga1 |
D |
Sadharana Gandharam el. Shatsruthi Rishabham |
Ga2 / Ri3 |
D♯ |
Anthara Gandharam | Ga3 | E |
Shuddha Madhyaman | Ma1 | F |
Prathi Madhyamam | Ma2 | F♯ |
Panchamam | Pa | G |
Shuddha Daivatham | Da1 | A♭ |
Chathusruthi Daivatham el. Suddha Nishadham |
Da2 / Ni1 |
A |
Kaisiki Nishadham el. Shatsruthi Daivatham |
Ni2 / Da3 |
A♯ |
Kaakali Nishadham | Ni3 | B |
Dei tolv karnatiske svarasthanaene |
Den karnatiske skalaen er laga av sju svaraer, som ein kan samanlikna med dei sju tonane i vestleg musikk. Svaraene blir kjent med namna sine, og med forkortingane til namna som er brukt som solfege. Namna og forkortingane er śadjam (sa), riśabham (ri), gāndhāram (ga), madhyamam (ma), pañcaman (pa), dhaivatam (da), og niśādham (ni). Eit gammalt sanskrit-vers fortel kva svaraene sine lydar er baserte på:
षड्जं मयूरो वदति गावो ऋषभभाशिणः |
अजाविकंतु गांधारं क्रौंचः क्वणति मध्यमं ||
पुष्पसाधारणे काले पिकः कूजति पंचमं |
धैवतं हेषते वाजी निषादं बृंहते गजः ||
Śadjam er påfuglen si røyst, kyr sin tale er riśabham,
geiter mekrer gāndhāram, traner kvittrar madhyamam.
Nattergalen syng pañcaman når blomane vaknar
hestar sitt knegg gjev dhaivatham, og elefantar rumlar niśādham.
Sjølv om ordet 'svara' kan samanliknast med 'tone' tyder dei ikkje det same. Ein svara omfattar mange ulike tonar med bestemte lydar som ligg mellom han og den neste svaraen. Desse tonevariantane heiter 'svarasthāna'. Den karnatiske skalaen har 12 svarasthāna, som også grovt sett svarar til dei 12 tonane i den vanlege kromatiske skalaen. Som tabellen viser har kvar svara tre svarasthānaer, med unntak av 'sa' og 'pa' som berre har ei form, og 'ma' som berre har to former (som er veldig like 'rein' og 'forstørra' kvart på vestleg musikk).
Namna til svaraene blir brukt i undervisinga og til utanattlæring og sitat av melodiar og melodiformlar på liknande vis som i klassisk europeisk musikkundervising, men i mykje større grad. I tillegg blir dei brukt som grunnlag for meir omfattande musikknotasjon. Namna og symbola til svarasthānaene blir berre brukt til å skildra rāgaer (sjå nedanfor). I songnotasjon blir berre namna til svaraene brukt. Ein som vil syngja ein song i ein ukjent rāga må slå opp rāgaskildringa for å finna ut kva for nokre svarasthānaer han bruker.
[endre] Rāgam (raga): tonalt modus
Hovudartikkel: raga
[endre] Melakarta-rāgamar
I karnatisk musikk er sampurna-rāgamane (dei med sju tonar i skalaen) klassifiserte i melakarta-systemet — eit system som grupperer dei etter typane tonar dei har. Det finst 72 melakarta-ragamar. 36 har rein kvart (suddha madhyanam) som fjerdetrinn og 36 har forstørra kvart (prati madhyanam) som fjerdetrinn. Ragamane er vidare klassifiserte i grupper med 6 ragamar i kvar som blir kalla chakraer (‘hjul’ — sjølv om dei konvensjonelt blir attgjevne som sektorar) baserte på andre og tredje trinnet i skalaen.
[endre] Hierarki
Det høgste nivået i ragam-hierarkiet er melakarta, ettersom melakartaene har sju tonar i skalaen og brukar kvar tone éin gong i arohanam (oppgang) og éin gong i avarohanam (nedgang). Ragamar som manglar noko trinn i skalaen (varja-ragamar, med fem eller seks trinn i skalaen) eller som har ulik opp- og nedgang (vakra-ragamar) blir med ein samleterm kalla janya-ragamar — eller «barneragamar».
I kvar rāgam er det oftast berre ein variant av kvart trinn, men i «lette» rāgamtypar som Behag er det ulike trinnvariantar for arohanam (oppgang) og avarohanam (nedgang). Ein rāgam kan elles ha 5, 6 eller 7 skalatrinn i arohanam og 5, 6 eller 7 skalatrinn i avarohanam.
[endre] Rytmen i karnatisk musikk: thālam og jāthi
Hovudartikkel: tala
På same måte som ragamane gjev rammeverk til melodiane i karnatisk musikk gjev thālam (tala) rammeverk til rytmen. Talamane er meir strukturerte enn rytmen i vestleg musikk og har meir innverknad på stemninga i ein song.
Vanlege talamar bruker tre slags takter med forskjellige lengder: kort (anudrtam), middels (drtam) og lang (laghu). Den grunnleggjande eininga for å måla lengd til taktene i karnatisk musikk heiter "aksharam". Korttakta er eit aksharam lang, middelstakta er to aksharam lang og langtakta kan vera tre, fire, fem, sju eller ni aksharam lang.
Karnatisk musikk har sju grunnleggjande talamar, som bruker forskjellige kombinasjonar av desse tre taktene. Frå kvar av desse talamane kan ein laga fem variantar, ein for kvar av dei fem lengdene som langtaktslaget kan ha. Desse variantlengdene heiter jathi (sjå boks 2 og 3). Rytmen som er brukt i ein karnatisk song er skildra med bruk av både talam og jathi, som "Chatushra Jathi Triputa Talam." Karnatisk musikk har derfor til saman 35 talamar.
Boks 2: Karnatiske talamar | Boks 3: Karnatiske jathiar | |||
Talam | Takter | Jathi | Lengd til laghu | |
Dhruva | lang, middels, lang, lang | |||
Matya | lang, middels, lang | Thisra | 3 | |
Rupaka | middels, lang | Chatusra | 4 | |
Jampa | lang, kort, middels | Kanta | 5 | |
Triputa | lang, middels, middels | Mishra | 7 | |
Ata | lang, lang, middels, middels | Sankeerna | 9 | |
Eka | lang |
[endre] Musikkformer
[endre] Songtypar og språkform
Karnatiske komponistar er tradisjonelt inspirerte av religiøs tilbeding og er tradisjonelt solid skolerte i telugu eller sanskrit. Andre språk, som til dømes tamil og kannada kan òg stundom bli bruka.
Komponistane har tradisjonelt inkludert ein mudra (signatur) i komposisjonane sine. Til dømes inneheld alle songar av Tyagaraja ordet Tyāgarāja, og alle songar av Muthuswami Dikshitar inneheld orda guru guha.
[endre] Kīrthanam
Karnatiske songar varierer i oppbyggjing og stil, men dei inneheld oftast tre strofer:
- Pallavi (पल्लवि). Dette svarar til refreng i vestleg musikk. Pallavien er på to liner.
- Anupallavi (अनुपल्लवि). Andre strofa. Er òg på to liner.
- Caraṇam (चरणं). Denne siste (og lengste) strofa avrundar og konkluderer songen. Caranam låner gjerne element frå anupallavi og er oftast på tre liner.
Denne songtypen er kalla kīrthanam (sanskrit कीर्तनं kīrtanaṃ). Men dette er berre éi av fleire moglege former av kīrthanam; — nokre kīrthanam-songar, slik som “Sārasamuki sakala bhāgyadē”, har ei ekstra strofe mellom anupallavi- og caraṇam-strofa. Denne strofa blir kalla ciṭṭaswaram (sanskrit चिट्टस्वरं ciṭṭasvaraṃ). Denne strofa inneheld berre melodi utan vanlege ord. Andre songar att, slik som t.d. “Rāmacandram bhāvayāmi”, har ei ekstra strofe etter caraṇam. Denne strofa blir kalla madhyamakālam. Ho blir sungen rett etter caraṇam og i dobbelt tempo.
[endre] Varnam
A Varnam is a special kind of song which tells you everything about a raga; not just the scale, but also which notes to stress, how to approach a certain note, classical and characteristic phrases, etc. A varnam has a pallavi, an anupallavi, a muktāyi swaram, whose function is identical to that of the ciṭṭaswaram in a kīrtanam, a caraṇam, and ciṭṭaswaras, after each of which the caraṇam is repeated:
- Pallavi
- Anupallavi
- Muktāyi swaram
- Charanam
- Ciṭṭaswaras
- First
- Second
- Third
- et cetera
[endre] Andre songtypar
Andre typar songar inkluderer gītham og swarajati.
[endre] Særskilde komposisjonar
Some special sets of compositions deserve to be noted here, the Pancaratna Kīrtanas (पञ्चरत्नकृति) of Tyagaraja, the Navagraha Kritis of Muttusvami Dikshitar, and the Ashtapadis(अष्टपदी) of Jayadeva.
The Pancaratna Kīrtanas (lit. five gems), composed by Tyagaraja, are a set of five compositions regarded as the masterpieces of the great composer. They deviate from conventional structure in that they all have between eight and twelve caraṇas. Sādincanē Ō Manasā, the third of the compositions, deviates even more in that after the anupallavi, there is a short phrase after which the caraṇas are sung. Also, instead of repeating the pallavi after each caraṇam, the phrase between the anupallavi and the first caraṇam is sung.
[endre] Improvisasjon
There are four main types of improvisation in Carnatic music:
- Raga Alapana ( रागा आलापना ) This is usually performed before a song. It is, as you may expect, always sung in the ragam of the song. It is a slow improvisation with no rhythm, and is supposed to tune the listener's mind to the appropriate ragam by reminding him/her of the specific nuances, before the singer plunges into the song. Theoretically, this ought to be the easiest type of improvisation, since the rules are so few, but in fact, it takes much skill to sing a pleasing, comprehensive (in the sense of giving a "feel for the ragam") and, most importantly, original ragam.
- Niraval ( निरवल् ) This is usually performed by the more advanced concert artists and consists of singing one or two lines of a song repeatedly, but with improvised elaborations. (A similar thing used to be done in Baroque music).
- (Kalpana)swaram ( [कल्पना]स्वरं ) The most elementary type of improvisation, usually taught before any other form of improvisation. It consists of singing a pattern of notes which finishes on the beat and the note just before the beat and the note on which the song starts.The swara pattern should adhere to the original raga's swara pattern, which is called as "arohana-avarohana"
- Taanam ( तानं ) This form of improvisation was originally developed for the veena and consists of repeating the word anantham (अनंतं) ("endless") in an improvised tune. The name thaanam comes from a false splitting of anantham repeated. When the word anantham is repeated, i.e., "anantham-anantham", the laws of sandhi dictate that the consonant at the end of the first word be dropped, hence "ananthaanantham" When the rule is applied to a long string of ananthams, you get "ananthaananthaananthaananthaa..." which got falsely split as "thaananthaananthaanan...", or "thaanamthaanamthaanam...".
- (Ragam Thanam) Pallavi ( [रागा तानं] पल्लवि )
-
- பல்லவி எந்றால் பதமாம், லயமாம், விஞாஸமாம்
- Pallavi means: words (padam), rhythm (layam) and improvisation (viñāsam)
- This is a composite form of improvisation. It consists of Ragam, Thanam, then a line sung twice, and Niraval. After Niraval, the line is sung again, twice, then sung once at half the speed, then twice at regular speed, then four times at twice the speed.
[endre] Karnatiske konsertar
[endre] Instrument
Hovudartikkel: Indiske musikkinstrument
Karnatiske konsertar vert vanlegvis framførde av ei lita gruppe musikarar. Dei treng ikkje å ha øvd saman tidlegare, mange konsertar er faktisk første gongen dei ulike musikarane treff kvarandre.
I gruppa finn ein vanlegvis ein songar, eit hovudinstrument og ein som spelar tromme, nemnd i rekkefølgje etter kor viktige dei er. Hovudinstrument er ofte stengeinstrument som ein vina eller ein karnatisk fiolin, men blåseinstrument som ei bambusfløyte kan òg brukast. Perkusjonsinstrument, som mridangam og ghatam, vert brukte for å hjelpa songaren å følgja rytmen, men dei kan òg improvisera åleine.
At songaren er viktigast viser tilbake til den karnatiske musikken sine røter i Samaveda. Dersom ein spelar melodien på eit instrument utførar ein berre ei instrumental tolking av den viktige songen. Likevel er reine instrumentelle konsertar vorte populære i nyare tid.
[endre] Innhald
Konsertar startar nesten alltid med ein song til Ganapathi, guden for gode byrjingar og som fjernar hindringar. Vināyakā ninnuvinā brōcuḍaku, vātāpi gaṇapatiṁ og gam gaṇapatē er nokre av dei mange songane som vert brukte til dette.
I midtdelen har ein ei rekke komposisjonar, gjerne med ulike kjensler som svarar mot kvarandre. Ein syng gjerne ein rāgam før kvar av desse komposisjonane og kalpanāswaram etterpå.
Ein avsluttar med ein lystig song, tillana, og deretter ein maṅgaḷam, ein song med gode ønskjer.
[endre] Karnatisk musikkundervisning
Tradisjonelt kjem ein som studerer karnatisk musikk heim til læraren sin for å få undervisning. Lærar og elev sit overfor kvarandre på ei matte på golvet. Læraren gjer rytmen ved å spela på ein tambūrā eller skru på ein śrutiboks. Eleven syng ein langtrukken "Sā...Pā...Sā (høg oktav)...Pā...Sā..." og timen tek til.
I moderne tid har ein fått andre måtar å halda timar på. Det er no vanleg med undervisning over telefonen, gjennom skjermbrev eller ved å bruka webkamera.
[endre] Musikknotasjon
[endre] Historisk oversyn
I motsetnad til kva mange trur, så er ikkje notasjon eit nytt konsept i indisk musikk. Endatil Vedaene, sjølv om dei hovudsakleg var munnleg tradert, var skrive med enkel notasjon av intonasjonen. Idéen om musikalsk notasjon i karnatisk musikk vart likevel ikkje godt motteken, og karnatisk musikk var framleis munnleg tradert i fleire århundre. Bakdelen med dette systemet var at om ein ville lære ein kīrtanam av, t.d., Purandara Dasa, så laut ein finne Purandara Dasas students students ... students student — om nokon slik framleis fanst!
Skriftleg notasjon av karnatisk musikk vart atteroppliva på seint 1600-tal, under styret til Shahaji II i Tanjore. Avskrifter av Shahajis musikkmanuskript finst framleis i Saraswati Mahal-biblioteket i Tanjore, og dei gjev oss eit inntrykk av musikken og musikkstrukturen. Dei inneheld hovudsakleg korte rekkjer av solfège til bruk for oppføring av dei nemnde ragamane.
[endre] Ein moderne notasjonsmåte
Alfabet | Skalatrinn | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 | |
Devanagari: | स | रि | ग | म | प | द | नि |
Telugu: | స | రి | గ | మ | ప | ద | ని |
Tamil: | ஸ | ரி | க | ம | ப | த | நி |
Kannada: | ಸ | ರಿ | ಗ | ಮ | ಪ | ದ | ನಿ |
Malayalam: | സ | രി | ഗ | മ | പ | ദ | നി |
Latinsk: | s | r | g | m | p | d | n |
[endre] Melodi
I motsetnad til vestleg musikk, så blir karnatisk musikk notert mesta utelukkande i solfège — sjølv om talrike forsøk er vortne gjorde på å transkribere musikken med vestleg femliners musikknotasjon. I dei meir nøyaktige formene av karnatisk notasjon finst det symbol over notane som viser korleis notane skal syngjast. Dette meir omstendelege systemet blir oftast sett bort frå i meir uformelle samanhengar.
For å vise lengda av ein note kan fleire metodar bli brukte. Om noten blir sungen dobbelt så lenge som referanseverdien, blir notebokstaven anten skriven som versal (stor bokstav — bruka ved notasjon i det latinske alfabetet) eller lengd med eit diakritisk teikn (ved notasjon i indiske skriftsystem). Ved tredobbel notelengd legg ein til eit komma etter teiknet for den doble verdien. Firedobbel lengd blir markert som dobbel lengd etterfølgd av eit semikolon. På dette viset kan alle notelengder bli noterte med ein serie av komma og semikolon.
I nyare tid har ein annan, lettare metode komme i bruk. Denne metoden ser bort frå diakritiske teikn, store bokstavar og semikolon, men markerer all lengd med eitt komma per ekstra lengdeeining. Dermed vil t.d. ein Sā med ei lengd på fire einingar bli notert som «S , , , ».
[endre] Rytme
Notasjonen er delt inn i kolonner ut frå strukturen av talamen. Skiljet mellom ein laghu og ein dhṛtaṃ er vist ved ein । (ein såkalla «ḍaṇḍā»), og same skiljet blir bruka mellom to dhṛtaṃar eller ein dhṛtaṃ og ein anudhṛtaṃ. Slutten av ein syklus blir markert med ein ॥. Dette teiknet blir kalla ein dobbel ḍaṇḍā og ser ut som ein cesur.
[endre] Viktige komponistar
[endre] Den første store komponisten
[endre] Dei tre klassikarane
[endre] Andre viktige komponistar
- Oottukkadu Venkata Kavi (ukjent fødsels- og dødsår)
- Swathi Thirunal
- Mysore Sadashiva Rao
- Patnam Subramania Iyer
- Poochi Srinivasa Iyengar
- Papanasam Sivan
[endre] Vidkjende utøvarar
[endre] Songarar
[endre] Mannlege songarar
- Jon B. Higgins (einaste europeisk-ætta vidkjende karnatiske vokalist, ofte spøkefullt kalla Higgins bhagavatar)
- Semmangudi Srinivasa Iyer (25. juli 1908 - 31. oktober 2003)
- Dr. Mangalampalli Balamurali Krishna (f. 6. juli 1930)
- T. V. Sankar Narayanan
- Sri Madurai T. N. Seshagopalan (f. 1948)
- Sanjay Subrahmanyan
- K.J. Yesudas (f. 1940)
[endre] Kvinnelege songarar
- Bombay Jayashree (eller Jayashree Ramnath)
- D.K. Pattammal (f. 2. mars 1919)
- Sudha Ragunathan
- M.S. Subbulakshmi (f. 16. september 1916)
- S. Sowmya
- M.L. Vasanthakumari
- Vidushi R. Vedavalli (eller Vedavalli (f. 1935)
[endre] Instrumentalistar
[endre] Chitravina (gotuvadam)
- N Ravikiran
[endre] Karnatisk fiolin
- Balusvami Dikshitar (1786-1859)
- Vadivelu (1810-1845)
- Mysore T. Chowdiah (1895-1967)
- Lalgudi Jayaraman (f. 1927)
- M.S. Gopalakrishnan (f. 1931)
[endre] Moderne vestlege instrument
- U. Srinivas (elektrisk mandolin)
- Kadri Gopalnath (altsaksofon)
Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå engelsk enno.
Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |