Kirsti Jordet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirsti Jordet (f. 12. mai 1932) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vingelen med til saman 14 noregsmeistertitlar og to Kongepokalar. Jordet sette noregsrekordar i diskoskast, høgdesprang og spydkast. Fram til og med 1952 tevla ho for Follogutane, i 1953 for Røros IL og frå 1954 for IL BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo).
Innhaldsliste |
[endre] Noregsrekordane
[endre] Høgdesprang med tillaup
[endre] 1,50 m i 1949
Dette var to centimer høgare enn Berit Byhre sin rekord frå 1947. Jordet mista rekorden alt seinare same året, då Unni Sæther hoppa 1,51.
[endre] Spydkast
[endre] 39,95 i 1950
Rekorden vart sett under NM. 39,95 var ei kraftig forbetring frå den tidlegare rekorden på 34,19 av Edith Todnem frå same året. Rekorden stod til 1952 då Alfhild Nærland kasta 41,12.
[endre] Diskoskast
[endre] 39,35 i 1952
Den tidlegare rekorden var på 37,59 frå 1950 og tilhøyrde Edith Todnem. Jordet forbetra sjølv rekorden i NM same året.
[endre] 40,20 i 1952
Denne rekorden vart ståande i seks år, heilt til Edel Leverås kasta 40,42 i 1958.
[endre] Medaljar i NM i friidrett for senior
Kirsti Jordet tok til saman 34 medaljar i NM i perioden 1949–1957; 14 gull, 13 sylv og 7 bronse. Dei fleste av desse vann ho i tekniske øvingar, men ho fekk også tre medaljar i laupsøvingar og fire medaljar i trekamp. I 1949 og 1950 fekk ho òg Kongepokalen.
År | Øving | Medalje | Resultat | |
---|---|---|---|---|
Diskoskast | ||||
1950 | Sylv | 35,17 m. | ||
1951 | Gull | 36,61 m. | ||
1952 | Gull | 40,20 m. | ||
1953 | Gull | 36,87 m. | ||
1954 | Gull | 38,05 m. | ||
1956 | Gull | 36,31 m. | ||
Hekkelaup | ||||
1952 | 80 m. | Sylv | 13,5 s. | |
Høgdesprang | ||||
1949 | u/tillaup | Gull | 1,19 m. | |
1949 | m/tillaup | Gull | 1,50 m. | |
1950 | m/tillaup | Bronse | 1,43 m. | |
1951 | m/tillaup | Sylv | 1,40 m. | |
1952 | m/tillaup | Sylv | 1,46 m. | |
Kortdistanselaup | ||||
1949 | 100 meter | Sylv | 13,0 s. | |
1949 | 200 meter | Sylv | 26,7 s. | |
Kulestøyt | ||||
1949 | Gull | 11,43 m. | ||
1950 | Gull | 11,10 m. | ||
1951 | Sylv | 10,98 m. | ||
1952 | Bronse | 11,20 m. | ||
1953 | Bronse | 10,38 m. | ||
1956 | Bronse | 11,04 m. | ||
Lengdesprang | ||||
1949 | u/tillaup | Gull | 2,68 m. | |
1949 | m/tillaup | Sylv | 4,94 m. | |
1951 | u/tillaup | Bronse | 2,47 m. | |
Mangekamp | ||||
1949 | Trekamp | Sylv | 1741,10 p. | |
1950 | Trekamp | Bronse | 1709,80 p. | |
1951 | Trekamp | Gull | 1475 p. | |
1957 | Trekamp | Sylv | 2043 p. | |
Slengball | ||||
1951 | Gull | 43,21 m. | ||
1952 | Gull | 46,35 m. | ||
Spydkast | ||||
1950 | Gull | 39,95 m. | ||
1951 | Sylv | 32,60 m. | ||
1952 | Sylv | 35,86 m. | ||
1954 | Sylv | 33,60 m. | ||
1956 | Bronse | 31,38 m. |
[endre] Bakgrunnsstoff
- Nettsidene til Norges Fri-idrettsforbund
- Rolf Bryhn og Knut Are Tvedt: Kunnskapsforlagets idrettsleksikon Oslo, 1990. ISBN 82-573-0408-5