Kvaløya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen er om Kvaløya i Tromsø kommune i Troms, for andre tydingar sjå: Kvaløya (fleirtyding).
Kvaløya (samisk: Sállir) er den femte største øya i Noreg med eit areal på 737 km². Heile øya ligg i Tromsø kommune. Det er vegsamband til Tromsøya over Sandnessundbrua. I nord er Kvaløya knytt til Ringvassøya med Kvalsundtunnelen, og det er ferjesamband til Vikran frå Larseng og ei sommarrute mellom Sommarøy og Senja.
Stadane det bur mest folk er Kvaløysletta, Ersfjordbotn, Sommarøy og Slåttenes, men det er spreidd busetnad langs det meste av kysten på øya. Til saman bur det omlag 10 000 personar på Kvaløya.
Geografisk er Kvaløya nesten delt i tre av fjordane Ersfjorden og Kaldfjorden. Store delar av øya er fjellandskap, og det høgaste punktet er Store Blåmann på 1044 moh.
[endre] Lenkje ut
[endre] Kjelde
- Artikkelen «Kvaløya» henta frå bokmålswikipedia 30.06.2006.