Lillestrøm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillestrøm er ein by i Skedsmo kommune i Akershus fylke. Byen ligg to mil aust for Oslo. Lillestrøm grensar mot Strømmen, Skjetten, Fjerdingby, Fetsund og Kjeller.
Her ligg Norges Varemesse. Exporamasenteret ligg like ved, på Hellerudsletta ved Skjetten.
Lillestrøm er saman med Sandvika dei einaste tettstadane i Akershus med bystatus, (men var åleine om dette frå 1997 til 2003), og har kring 14000 innbyggjarar. Tømmerfløting og sagbruk må tilleggjast hovudæra for at Lillestrøm vaks fram som eit sentrum, difor har òg byen kallenamnet "Flisbyen". Lillestrøm var ein eigen kommune til og med 1961.
Lillestrøm har namn etter garden Lille Strøm, der den første stasjonen på Hovedbanen mellom Christiania og Eidsvoll opna i 1854. Seks år seinare starta dei første dampsagene opp, og Lillestrøm opplevde ei eksplosjonsarta auke i folketalet på grunn av industrialiseringa. I ei tid på om lag 100 år var trelastindustri og jernbane dominerande faktorar i dagleglivet i byen. Oslo-området fekk sin første flyplass på Kjeller i 1913, og forsknings-miljøa som oppstod kring drifta av Kjeller flyplass utgjer framleis eit viktig senter for kompetanse.
Akershus Teater har sete i byen.
Fotballklubben i Lillestrøm er Lillestrøm Sportsklubb, som spelar heimekampane sine på Åråsen stadion.