Lyngdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1032 |
Fylke: | Vest-Agder |
Administrasjonssenter: | Alleen |
Flatevidd: | 391 km² |
Folketal: | 7 296 (2006) |
Målform: | Bokmål |
Internettside: | www.lyngdal.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Hans Fredrik Grøvan (KrF) 2003 |
Lyngdal er ein kommune sør i Vest-Agder fylke. Offisielt fekk kommunen bystatus den 1. januar 2001. Lyngdal er ein kystkommune, som grensar til kommunane Farsund, Kvinesdal, Hægebostad, Audnedal og Lindesnes. Kommunen har tre fjordar, Rosfjorden (som har høgt saltinnhald og sjeldan frys), Lyngdalsfjorden og Grønsfjorden, som innanfor Jåsund heiter Lenefjorden. Høgaste punkt er Kalåsknipa, som på toppen er 506 m.o.h. Kommunen si noverande grense fekk han etter samanslåinga av Lyngdal, Austad, Kvås og delar av Spangereid (vest for Lenefjorden) i 1963.
Lyngdal kommunestyre har 29 medlemer. Etter kommunevalet i 2003 er fordelinga slik: KrF 7, A 5, H 5, FrP 5, SP 3, V 2 og SV 2.
Kommunen har namn etter elva Lygna, som renn gjennom kommunen. Namnet Lyngdal tyder 'Lygna-dalen'. Viktig innan næringslivet er treforedling, jordbruk og handel. Turisme er òg sentralt, med strendene i Kvavik og Rosfjord.
[endre] Personar med tilknytting til Lyngdal
- Teis Lundegaard (1774-1856), eidsvollsmann og stortingsmann
- Aanen Olsen Bergsager (1808-1879) stortingsmann, ordførar, lærar og kyrkjesongar
- Gabriel Michelsen Bordvig (1792-1881), Skippar, stortingsmann i fleire periodar.
- Trygve Haugeland (1914-1998), stortingsmann og miljøvernminister. Aktiv innan misjon, politikk og landbruk.
- Abraham Berge (1851-1936), politikar og statsminister. Fødd og oppvaksen i Lyngdal, men flytta ut 16 år gamal.
- Ole Vollan (1837-1907) Redaktør, skulemann og politikar. Vaks opp i Lyngdal, men budde seinare i Bergen.
- Peder Ramsland (1856-1938), felemakar og kunstnar
- Gustava Kielland (1800-1889), prestefrue viktig innan misjon
- Gabriel Kielland (1796-1854), prest viktig innan misjon
[endre] På verdsveven
|