Maria Gripe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Gripe er ein svensk forfattar, fødd som Maria Walter 1923 i Vaxholm, og oppvaksen i Örebro. Ho skriv berre barne- og ungdomsbøker. I 1946 gifta ho seg med kunstnaren Harald Gripe, som har illustrert dei fleste av bøkene hennar. Dei har ei dotter, Camilla Gripe, og også ho er forfattar.
Mange av bøkene til Maria Gripe - særleg dei seinare verka - inneheld overnaturlege, eller mystiske element.
Til no har ho skrive 36 bøker som har vorte omsette til 29 språk, mellom anna mange til norsk. I Noreg er ho kanskje aller mest kjend for Tordivelen flyg i skyminga som vart innspelt som høyrespel av NRK Radioteatret og send i Barnetimen, og for bøkene om Agnes Cecilia.
Forfattarskapet hennar har vorte løna med mange prisar, mellom anna Nils Holgersson-plaketten (1963), Astrid Lindgren-priset 1972, H.C. Andersen-medaljen (1974) og Litteris et artibus-medaljen (2003).
Fleire av bøkene hennar har vorte filmatiserte.
[endre] Bibliografi (i utval)
Bøker av Maria Gripe
- 1954 I vår lilla stad
- 1962 Hugo och Josefin
- 1964 Glasblåsarns barn
- 1972 Elvis Karlsson
- 1978 Tordyveln flyger i skymningen
- 1981 Agnes Cecilia - en sällsam historia
- 1982 Skuggan över stenbänken
- 1991 Tre trappor upp med hiss
Bøker om Maria Gripe
- Carina Lidström (1994): Sökande, Spegling, metamorfos. Tre vägar genom Maria Gripes Skuggserie.
- Ying Toijer Nilsson (2000): Skuggornas förtrogna - om Maria Gripe