Moskusurt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moskusurt (Adoxa moschatellina) er ein sped, liten blomsterplante. Sjølve planten har ei svak, litt parfymert lukt medan blomstrane luktar litt rote. Desse er gulgrøne, sit i eit aks og inneheld nektar. Akset har ein toppblomster og oftast fire krosstelde blomstrar. Moskusurt vert pollinert av insekt, ofte fluger. Veksten spreier seg òg vegetativt. Fruktene er ripsstore, kvitaktige steinfrukter.
Moskusurt trivst i moldrik skog, gjerne i ganske djup skugge. I Noreg er han utbreidd på Austlandet og Sørlandet. Han finst i nokre av dei inste fjordarmane på Vestlandet og i Aust-Finnmark.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Referansar
- Den virtuelle floran
- Leif Ryvarden: Norges planter. Cappelen, 1994.
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |