Nordahl Grieg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Nordahl Brun Grieg (1. november 1902–2. desember 1943) var ein norsk diktar, forfattar og journalist.
Grieg var fødd i Bergen. Han debuterte i 1922 med Omkring Kap det gode Haab. I 1924 kom Skibet gaar videre.
[endre] Idealisme
Grieg var kjend som ein antifascist og var positiv til kommunismen. Etter den tyske invasjonen av Noreg i 1940 kom han seg over til England. Grieg var med på transporten av Norges Bank sitt gull, og var med regjeringa Nygaardsvold til Storbritannia. I England vart han utdanna som offiser, og deltok som krigskorrespondent mellom anna på flytokt. På eitt av desse tokta vart flyet skote ned. Grieg døydde og vart gravlagd i ei massegrav i Tyskland.
[endre] Ettermæle
Etter den andre verdskrigen vart Grieg halden fram som ein krigshelt. Mellom anna hadde han skrive fleire dikt som vart mykje bruka under krigen og i tida etter. Nordahl Grieg-statuen på austsida av teatret Den Nationale Scene vart avduka den 10. november 1957.
[endre] Liste over utgjevingar
- Rundt Kap det gode Håp, 1922
- Skibet gaar videre, 1924
- Stene i strømmen, 1925
- Kinesiske dage, 1927
- En ung manns Kjærlighet, 1927
- Barabbas, 1927
- Norge i våre hjerter, 1929
- Nordahl Grieg, Herman Wildenvey, Tore Ørjasæter, Arnulf Øverland: Dikter, 1930
- Atlanterhavet, 1932
- De unge døde, 1932
- Vår ære og vår makt, 1935 -
- Men imorgen, 1936 -
- Spansk sommer, 1938
- Ung må verden ennu være, 1938 -
- Nederlaget, 1937 -
- Dikt i utvalg, 1944
- Friheten, 1945 -
- Flagget, 1945
- Håbet, 1946
- Samlede verker, 1947
- Samlede dikt, 1948
- Langveisfra, 1964
- Morgen over Finnmarksvidden, 1967
- Skuespill / Nordahl Grieg, 1975
- Norge, og andre dikt, 1976
- Et varig vennskap, 1981 (redigert av Brikt Jensen)
- Reise gjennom vår egen tid, 1982 (redigert av Martin Nag og Finn Pettersen)
- Større kriger, 1989 (original tittel: Greater wars, omsett av Brikt Jensen)