Norges landbrukshøgskole
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norges landbrukshøgskole var ein norsk høgskole for landbruket.
Støtt var der strid om skolen. Striden stod om det same som i landbruket: næringslina eller livssynslina. Skipa i 1859 som "Den høiere Landbrusskole paa Aas" var det frå fyrsten av ein skole der bondegutane skulle annamme både ein del teori samt få litt innsyn i korleis embetsstanden dreiv sitt landbruk. Etter at bondereisinga og Venstre hadde sigra i politikken, vart NLH oppretta i 1897, med bjørnsonvenen Johan L. Hirsch som direktør. "Høgskolens far", den nasjonale livssynsmannen Hirsch braka straks saman med sitt lærerkollegium i ei stor skandalesak.
Det vart ingen ny livssynsstrid før midten av 1970-talet. NLH gjekk då vekk frå praksiskravet ved opptak. Dette skapte ei motbølge, som m. a. revitaliserte det gamle Venstre inn i rikspolitikken.
NLH vart nedlagt i 2004, og etterfølgd av Universitetet for miljø og biovitenskap.
[endre] Bakgrunnsstoff
Hundre år for samfunn og næring, 1997. Senit, Senterpartiet sitt tidsskrift for samfunn og politikk, årgangane 1984-87. Eystein Eggen: Bygdekultur og mediapolitikk:tale på NBU sitt årsmøte sumaren 1978