Norske interiørarkitekter og møbeldesigneres landsforening
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening (NIL) er ein landsorganisasjon for norske interiørarkitektar og møbeldesignerar/møbelteiknarar. Laget blei stifta 29. mai 1945 som Norske interiørarkitekters landsforening. For å bli godkjent som medlem må ein person ha ei særskild utdanning. Medlemmane kan bruka førebokstavane MNIL, ei nemning som er verna, til forskjell frå titlar som interiørarkitekt eller interiørkonsulent.
NIL er medlem av International Federation of Interior Architects/Designers (IFI). Denne organisasjonen har følgande definisjon av en kvalifisert interiørarkitekt/designer (iflg NILs årbok 2005):
- Den profesjonelle interiørarkitekt er ein person med utdanning, erfaring og godkjente ferdigheter i bransjen, og som identifiserer og løser kreative problemer som knytter seg til interiørmiljøets funksjon og kvalitet, og utfører tjenester tilknytta interiøret, medregna programmering, design, analyse, romplanlegging, estetikk og tilsyn med pågående arbeid, i det interiørarkitekten gjør bruk av sin spesialkjennskap til interløroppbygging, byggesystemer og komponeneter, byggforskrifter, utstyr, materialar, møbler og anna inventar, og utarbeider tekningar og dokumentar vedrørende design av interiører for å høyne trivselen og for å beskytte brukernes sikkerhet, helse og velferd.
Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening har ei rekke lovar og reglar som skal garantere at medlemmene driv seriøst, det gjeld økonomisk og etiske regler mm.
Landsforeninga har 9 lokalforeningar med tilsamen rundt 500 medlemmer. Kvart år gjeve ho ut ei årbok med matrikkel (medlemsliste) som det er mulig å kjøpa for den som måtte vera interessert. Denne inneheld òg illustrasjonar av eksempel på medlemsarbeid.