PDS
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Partei des Demokratischen Sozialismus (PDS) var eit sosialistisk politisk parti i Tyskland, som den 17. juli 2005 endra namn til Die Linkspartei i samband med etablering av felleslister med grupperinga WASG.
[endre] Historie
PDS er juridisk sett etterfylgjaren etter Sozialistische Einheitspartei Deutschlands (SED), det statsberande kommunistpartiet i det tidlegare DDR.
Den demokratiske grasrotrørsla som tvinga statssjefen Erich Honecker til å gå av i 1989 gav også kraft til ein yngre generasjon av reformpolitikarar i SED som såg Mikhail Gorbatsjov sin glasnost og perestrojka i Sovjetunionen som ein modell for politisk endring. Reformpolitikarar frå lågare sjikt i partiet, som forfattarane Stefan Heym og Christa Wolf og menneskerettsadvokaten Gregor Gysi, steig opp og tok leiinga, og ved utgangen av 1989 hadde dei siste av gamlesorten i sentralkomiteen trekt seg.
Det blei vedtatt å gi partiet eit nytt namn, Partei des Demokratischen Sozialismus, for å distansere seg frå den autoritære kommunistiske fortida. Frå førstninga av 1990 var partiet ikkje lenger eit «marxistisk-leninistisk» parti, sjølv om det framleis fanst ein mindretalsfraksjon i partiet som kalla seg kommunistisk.
[endre] Oppslutning
I den første alltyske valet etter sameininga, i 1990, fekk PDS berre 2,4% av stemmene i landet under eitt, men omlag 10% i det tidlegare DDR. I 1994 fekk det 4,4%, i 1998 5,1% totalt. Men partiet var svært avhengig av den populære Gregor Gysi, og etter at han gjekk av som leiar i 2000, fekk partiet eit tilbakeslag. Ved valet i 2002 gjekk stemmeprosenten tilbake til 4,3 og dei kom under sperregrensa og fekk berre to direktevalde representantar i Riksdagen, Petra Pau og Gesine Lötzsch. Etter dette har PDS vedtatt eit nytt program og sett inn Lothar Bisky, ein nær alliert av Gysi, som leiar. I valet til EU-parlamentet i 2004 fekk PDS 6,1% av stemmene totalt, det beste resultatet til no i eit alltysk val.
I det tidlegare DDR er PDS nest største parti etter kristelegdemokratane CDU. Men det har låg oppslutning i dei vestlege delstatane (mindre enn 2,5%), og dette er eit generelt problem for partiet, som ønskjer å vere eit alltysk venstreparti.
PDS er regjeringspartner med det tyske sosialdemokratiske partiet (SPD) i to delstatar, Mecklenburg-Vorpommern og Berlin. Dette har ført til noko slitasje, men samtidig til at partiet sitt ry som pragmatisk har blitt styrkt. Det står sterkt i lokalstyret i det tidlegare DDR, der dei har 6 500 bystyremedlemmer og 64 ordførarar. Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter solid – die sozialistische Jugend. PDS er ein av grunnleggjarane av Det europeiske venstrepartiet EL.
I samband med samarbeidet med det nye i hovudsak vest-tyske venstrepartiet WASG framfor parlamentsvalet hausten 2005, skifta PDS 17. juli 2005 namn til Die Linkspartei, Venstrepartiet, med kortforma Die Linke. Bokstavane PDS kan brukast attåt av dei delstatsavdelingane som ønskjer det, i praksis laga i delstatane i det tidlegare DDR.
Partiet gjekk mykje fram ved valet til forbundsdagen i 2005, fekk 8,7 prosent av stemmene og 54 representantar i nasjonalforsamlinga.
Meiningsmålingar i etterkant av valet har synt at oppslutninga om partiet har vore forhaldsvis stabil.