Ra (naturgeografi)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ra er ein grusrygg, ofte ei endemorene. Som oftast refererar Ra (eller Raet) til ei av dei største endemorenene frå den siste istida. Då innlandsisen mot slutten av istida trakk seg attende, kunne han stogge på vegen i fleire hundre år av gangen. Der iskanten vart liggande still (like mye is smelta tilbake som isen rørte seg framover) samla det seg opp materiale som isstraumen førte med seg frå innlandet: sand, stein og grus. Då så isen trakk seg vidare attende vart dette liggande tilbake som ein svær fold i landskapet der iskanten hadde vore.
[endre] Vestfold og Østfold
Noregs største ra, mest kjent som Raet, strekk seg på skrå gjennom Vestfold og Østfold, starten i Vestfold er ved Mølen, og det går ut i Oslofjorden ved Borre. I Østfold går morena i land ved Moss. Morena demmer opp innsjøar, blant andre Vannsjø. Garden Ra i Horten er opphav til det geologiske omgrepet ra.
[endre] Andre norske ra
Endemorener frå samme tid som Raet i Østfold og Vestfold finst fleire stader rundt norskekysten. Stadnamn med ra i namnet inkluderer t.d. garden og kyrkjesoknet Ranes i Surnadalen og fleire stader med namnet Ravik/Ravika (Åfjorden, Gildeskål, Karlsøya), Raet (Gimsøya) og Raen (Buksnes).