Redaktør
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Redaktør, på nynorsk også bladstyrar, er ei nemning på styraren av eit blad, skrift eller avis. Redaktøren har suveren rett til å styre over bladet, og difor også eineansvar for kva som står på trykk i bladet. I større aviser eller blad har redaktøren gjerne tittelen sjefredaktør, men fleire redaktører under seg med delegert ansvar.
Redaktørrolla har endra seg gjennom tidene. Mange redaktørar i dag arbeider etter Redaktørplakaten, som er ei felles erklæring frå Norsk Redaktørforening og Mediebedriftenes Landsforbund.