Rovdyr
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rovdyr |
||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Fjellrev er eit rovdyr som finst i Noreg. (Foto: Michael Haferkamp) |
||||||
Systematikk | ||||||
|
||||||
Vitskapleg namn | ||||||
Carnivora Bowdich, 1821 |
||||||
Surikat er eit lite afrikansk rovdyr. |
||||||
Malaybjørn er eit stort asiatisk rovdyr. |
||||||
Kvalross er eit polart sjørovdyr. |
Rovdyr (Carnivora) er ein orden av pattedyr som hovudsakleg jagar og et andre dyr. Det finst om lag 260 slag rovdyr. Alle stammer frå eitt dyreslag, kalla Miacis, som levde for omlag 50 millionar år sidan. Dei har liknande hovudform, rundt med ein kjegleforma snute og tydelege hjørnetenner og rovtenner.
Tidlegare pleide ein å dela rovdyra inn i to underordenar, Fissipedia, eller dei som stort sett levde på land, og Pinnipedia, av kjøtetande havpattedyr. Nyare klassifiseringssystem som ser meir på det genetiske slektskapet mellom dyra har delt dei inn i to nye grupper, Feliformia eller katteaktige og Caniformia eller hundeaktige dyr.
Dei fleste rovdyra er som sagt kjøtetarar, men mange kan òg ta til seg annan kost. Kjempepandaen et berre plantar. Fordelen med å eta kjøt er at dei utnytter ei nisje av næringsrike bytte. Ulempa er at å fanga og drepa desse dyra krev mykje energi. Rovdyra må altså alltid vurdera om det å jaga eit byttedyr vil føra til at det vinn eller tapar energi.
Det er ganske sjeldan at rovdyr jagar andre rovdyr. For det første finst det alltid færre kjøtetarar enn planteetarar i eit område, og for det andre er rovdyr utstyrte til å forsvara seg. For mange rovdyr kan sjølv små skader vera livstrugande, ettersom dei hindrer dyra frå å jakta.
[endre] Oversyn over pattedyra
- Feliformia (katteaktige)
- Caniformia (hundeaktige)
- Hundefamilien (Canidæ)
- Halvbjørnar (Procyonidæ)
- Bjørnar (Ursidæ)
- Mårdyr (Mustelidæ)
- Skunkar (Mephitidæ)
- Selar (Pinnipedia el. Phocoidea)