Sanntidsoperativsystem
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit sanntidsoperativsystem (på engelsk Real-Time Operating System, RTOS) er eit operativsystem med dei eigenskapane som trengst til å køyre eit system i sanntid.
Eit sanntidsystem er eit system som legg avgjerande vekt på at dei logiske resultata frå utreikningane ikkje berre er rette, men jamvel kjem i rett tid. Same kva slags last ein legg på eit sanntidssystem, skal systemet garantera responsar i rett tid.
Sanntidsystem finst i tre utgåver: hard real time, firm real time og soft real time. I eit soft- eller firm real time system kan tapte daudliner føra med seg ei svekking av kvaliteten (td. audiostreaming), i eit hard real time system kann det føra til katastrofe (td. kjernekraftverk).
Døme på sanntidsoperativsystem er VxWorks, QNX, eCos, pSOS og Windows CE.