Sigurd Ibsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Ibsen (1859–1930) var ein norsk forfattar og politikar. Han var det einaste barnet til forfattaren Henrik Ibsen og kona Suzannah Ibsen *). Gjennom oppveksten hadde folk høge voner til han, og han måtte streva heile livet for å nå mål andre sette for han. Som politikar representerte han partiet Venstre.
Sigurd Ibsen vart fødd i Oslo. Han var statsminister i Stockholm frå 1903 til 1905 medan George Francis Hagerup var statsminister i Kristiania (Oslo). Ibsen var ein sentral person i oppløysinga av unionen mellom Sverige og Noreg i 1905. Han er rekna som viktig i å overtala viktige personar som Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Fridtjof Nansen til å gå inn for monarki. Mange av desse ynskte opphavleg republikk som styreform.
Sigurd Ibsen vart utdanna som jurist med eksamen i Roma i 1882. Han vart gift med Bjørnstjerne Bjørnson si dotter Bergliot.
[endre] Bøker og andre skrifter
- 1891 – Unionen – politisk skrift
- 1891 – De to udenrigsministres samvirken – politisk skrift
- 1894 – Mænd og magter – essaysamling
- 1894 – Konsulatsagen – politisk skrift
- 1898 – Nationalt kongedømme – politisk skrift
- 1901 – Spørgsmaalet om et særskilt norsk konsulatvæsens forhold til det fælles diplomati og dets fælles udenrigsstyre – politisk skrift
- 1906 – «Da unionen løsnede» – artikkel i Samtiden
- 1911 – Menneskelig kvintessens – filosofisk studie
- 1912 – Udsyn og indblik – essaysamling
- 1914 – Robert Frank – skodespel
- 1917 – Erindringens tempel – skodespel
- 1925 – Politikens motsætninger – essaysamling
- 1997 – Bak en gyllen fasade : Sigurd Ibsens brev til familien 1883-1929 – ei samling brev utvalde og presenterte av Bodil Nævdal.
[endre] Fotnote
-
- Henrik Ibsen fekk eit barn med ei tenestejente i Grimstad allereide i 1846, men han vedkjende seg aldri det farskapet.
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. | |
Oversyn over litteraturspirer. |