Solomon Lozovskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solomon Lozovskij (på russisk Соломон Лозовский), 1878–1952) var ein ukrainsk jødisk kommunist, ein kollega av Vladimir Lenin, og ein framståande person i den sovjetiske regjeringa og den sovjetiske fagorganisasjonen. Han var au leiar i avdelinga for internasjonale samband ved den høgre partiskolen. Han vart fødd i 1878 i Ukraina og vart medlem av bolsjevik-fraksjonen i Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, det seinare kommunistpartiet, i 1901.
Lozovskij var generalsekretær i Profintern, den Raude Faglege Internasjonalen, frå 1921 til 1937. I 1939 var Lozovskij ein av tre viseutanriksministrar under utanriksminister Vjatsjeslav Molotov. Under krigen var han aktiv i den regjeringsstøtta Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen. Han vart arrestert og truleg torturert under den antisemittiske kampanjen Josef Stalin sette i gang ca 1950.
Trass i eit veldig press, vedgjekk Lozovskij aldri skuld og impliserte aldri andre under rettssaka, som au har vorte kalla den siste Moskvaprosessen. Den stenografiske rapporten frå rettssaka vart offentleggjord i 1994.
Lozovskij vart avretta den 12. august 1952 saman med 13 andre tidlegare medlemmer av Den Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen.