Stamsund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stamsund er ein tettstad i Vestvågøy kommune i Lofoten i Nordland. Han har rundt 1000 innbyggjarar, og er eit viktig fiskevær med J. M. Johansen og Lofoten trålrederi som viktigaste verksemder. Lofoten trålrederi er det største trålselskapet i Nord-Noreg. J. M. Johansen er ei tradisjonsrik verksemd som i dag driv med filetproduksjon. Stamsund er òg stoppestad for Hurtigruta.
Stamsund har eit stort kulturliv med to frie teatergrupper, Nordland dukketeaterverkstad, kunstgalleri og fleire kunstnarar.