Wikipedia:Stilmanual
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjølv om du gjerne må bruka din eigen skrivestil for å få fram ein god artikkel, har me nokre reglar for korleis artiklane på Wikipedia bør sjå ut. For ei meir utførleg skildring av korleis ein kan skriva og formatera ei side, sjå Hjelp:Endre ei side.
Innhaldsliste |
[endre] Standardoppsett
Den første setninga i ein artikkel bør innehalda artikkelnamnet i feit tekst og oppsummera artikkelen, til dømes slik:
- '''Stortinget''' er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.
- Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.
Hugs å bruka heile setningar! Wikipedia har god plass, og treng ikkje ty til telegramstil.
[endre] Lenkjebruk
Ein kan laga lenkjer av ord eller uttrykk som er interessante eller som kan trengja ei nærare forklaring. Prøv å få til ein balanse slik at einkvar artikkel har ein del lenkjer, utan at det blir så mange av dei at dei slår kvarandre i hel. For meir, sjå Wikipedia:Korleis redigera ei side.
[endre] Bibliografiformat
- Heile verk (bøker (inkl. romanar, diktsamlingar, fagbøker), avhandlingar, tidsskrift (inkludert aviser), CDar, LPar, operaer, skodespel) blir sette i kursiv.
- Deler av verk (noveller, essay, artiklar, songar, dikt) blir sette i «hermeteikn».
- For meir om dette, sjå Anne M. Hasund Langballe: Bibliografisk standard for prosjektet Henrik Ibsens skrifter. Oslo, 2004.