Storsteinnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storsteinnes er administrasjonssenteret i Balsfjord kommune i Troms, og ligg lengst inn i Balsfjorden. Det bur vel 2000 personar på Storsteinnes, og hovudnæringa er jordbruk. Tettstaden er den største i kommunen, framfor Nordkjosbotn.
Det største geitostysteriet i Noreg ligg i Storsteinnes . Elles er kommunen ein viktig arbeidsgjevar for innbyggjarane.