Tórshavn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tórshavn er hovudstaden på Færøyane, grunnlagt av norske landnåmsmenn i 825. Byen ligg på øya Streymoy. Tettstaden vaks fram kring tingstaden på halvøya Tinganes. Tinganes er framleis sete for det færøyske Lagtinget. I gamlebyen finst mange hus frå 1500-talet og 1600-talet. I dag har byen om lag 19 000 innbyggjarar. Namnet refererer til den norrøne guden Tor, i tillegg til havn eller hamn.