Tuba
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuba er det største blåseinstrumentet i massing og det av alle massinginstrumenti som kling djupast. Det er òg eitt av dei sidste instrumenti som vart tekne inn i symfoniorkesteret. Til vanleg er det berre éin tuba i eit orkester, og den vert bruka som bass i seksjonen av massinginstrument.
Tubaen hev konisk boring, og 3-4 ventilar.
Det hev med kvart vorte vanleg å bruka tuba til soloinstrument, og dei mest kjende konsertane for tuba og orkester er skrivne av Ralph Vaughan Williams, Edward Gregson og John Williams. Tuba finst dertil med i både militærkorps, janitsjarkorps og brassband, i sidstnemnde vert dei kalla Ess-tuba og B-tuba, og det er vanlegvis tvo av kvar.
Dei mest ålgjengde tubaene som vert laga i dag hev grunntonen F, Ess, C, eller B. F- og Ess-tubaer vert gjerne kalla basstuba, medan C- og B-tubaer vert kalla kontrabasstuba. Sumtid møter ein namnet tenortuba; dette er det same som eufonium.
Richard Wagner fekk sett i stand ein serleg tuba kalla Wagner-tuba som var laga i tenor- og bass-storleik.