Unix-skal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit såkalla skall er kommando-tolkaren i Unix. Dette programmet er ein integrert del av alle Unix- eller Unix-liknande operativsystem. Det finst ulike varianter av dette programmet. Det opphavlege skallet vart utvikla av Stephen R. Bourne (sh, bsh), og er framleis det som blir levert med mange Unix-system. Andre variantar er C-shell (csh), T-shell (tcsh) og «Bourne-again-shell» (bash).
Skallet er det programmet ein Unix-brukar normalt vil kome i kontakt med rett etter ei innlogging på ei Unix-maskin. Det tolkar og utfører kommandoar som brukeran skriv inn i et tekstvindauge eller på en tekstbasert terminal. Kommandoar kan også samlast i ei tekstfil og køyrast samla.