Uranos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uranos er den eldste av dei greske gudane. Uranos var himmelguden, gift med Gaia, jordgudinna. Sjølve namnet hans tyder det som dekker, altså himmelen. Han var høgt vørd av dei gamle grekarane, av di han bringa varme, ljos og regn til jorda.
Uranos var far til alle titanane, kyklopane og dei tre hekatoncheirane: monster med 100 armar og 50 hovud.
Titanen Kronos, den yngste av sønene til Uranus, overfalt far sin og skar av han testiklane. Frå blodet oppstod gigantane, meliene og furiene. Det vert òg sagt at då blodet til Uranus trefte havet, vart Afrodite fødd.
Då romarane tok inn Uranos i sin mytologi, gav dei han det nokså like namnet Uranus. Det er dette som har gjeve namn til planeten Uranus.
Uranos har òg mykje til felles med den vediske himmelguden Varuna.