Vestre Jakobselv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Vestre Jakobselv, nordsamisk: Ánnejohka, er ein tettstad i Vadsø kommune i Finnmark. Det er vanleg å kalle staden berre Jakobselv i daglegtale. Staden ligg ved Varangerfjorden, ca 17 km vestom Vadsø by. E75 går gjennom staden. Lakselva Jakobselv renn ut i fjorden her. Staden har barne- og ungdomskule, samfunnshus, symjehall, fotballbane og ljosløype. Idrettslaget Polarstjernen høyrer til i Vestre Jakobselv.
[endre] Kjelder
- Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2006.
- Kart frå SSB over tettstadgrenser i Finnmark.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |