Vulkan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein vulkan er ein geologisk formasjon, som vert danna av magma som kjem nær opp mot overflata på ein planet.
På jorda førekjem dette ofte ved kontinentalplategrensene. Prosessen startar når magmaen stig opp til overflata under ein vulkan og dannar eit magmakammer. Dette kammeret vert så trykt oppover og flyt gjennom avløp på fjellsida som lava.
Ordet vulkan er avleia frå den italienske øya Vulcano. I fylgje den romerske mytologien er øya smien til eldguden Vulcanus.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |