Ølen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Våpen | Kart |
---|---|
Fil:Ølen kart.png | |
Grunnleggjande opplysningar | |
Kommunenr: | 1159 |
Fylke: | Rogaland |
Administrasjonssenter: | Ølensjøen |
Flatevidd: | 184 km² |
Folketal: | 3 426 (2004) |
Målform: | Nynorsk |
Internettside: | www.olen.kommune.no |
Politikk | |
Ordførar: | Arne Bergsvåg (Sp) 2003-2005 |
Ølen er ein tidlegare kommune i Sunnhordland. Kommunen vart frå 1. januar 2002 overført frå Hordaland fylke til Rogaland. Kommunen grensa mot land med Vindafjord i sør og Etne i aust. Mot havet grensa kommunen med Kvinnherad og Stord i nord og Sveio i vest. Kommunesenteret Ølensjøen var den største tettstaden. Andre tettstadar var Ølensvåg, Vikebygd og Bjoa.
Ølen kommune vart slegen saman med Vindafjord den 1. januar 2006. Namnet på den nye kommunen vart Vindafjord, kommunesenteret vart lokalisert i Ølen sentrum (Ølensjøen). Nytt felles kommunestyre var det val på i samband med stortingsvalet 2005.
[endre] Historie
Namnet Ølen kjem av norrønt språk Olund eller Ǫlund. Dette kan ha vore det opphavlege namnet på Ølensfjorden. Tilhøyrande innbyggjarnamn er Ølensbu eller Ølsbu. Namnet har samanheng med norrønt ala, næring eller føde, og kan sikta til rikdom på fisk. Namna Ølensjøen og Ølensvåg er laga ut frå namnet ǫlund. Eit namn nytta i dansketida var Aalund (Ålund). Namnet vart nytta til innpå 1800-talet. Ølen vart eigen kommune i 1916, og omfatta då kyrkjesokna Ølen og Bjoa. I 1964 kom til Austre Vikebygd til. Det heradet Vikebygd vart delt mellom kommunane Sveio og Ølen. Før 1916 var Ølen ein del av Fjelberg (Fjeldberg) herad og prestegjeld. Ølen høyrde til dette prestegjeldet fram til 1954, då Ølen vart eige prestegjeld som omfatta sokna Ølen og Bjoa, frå 1964 òg Vikebygd sokn. Soknet er i dag tilsvarande Ølen kommune.
[endre] På verdsveven
- Kommunefakta (Rogaland) - frå Statistisk sentralbyrå
- "Nye Vindafjord" - informasjon om kommunesamanslåinga
- NRK Rogaland om Ølen kommune
[endre] Litteratur
- Anders Haugland og Toralf Tvedt: Gardar og ætter i Ølen, bygdebokverk i fire band utgjevne 1986 - 2003.
|