Abuja
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abuja er offisiell hovudstad i Nigeria og har vore det sidan 12. desember 1991. Byen blei først til på 1970-talet då ein vedtok å flytta hovudstaden hit, midt i landet, frå Lagos, som ligg ved kysten i sør. Abuja er ein planlagd by som fortsatt er i vekst. Ein rekner med at folketalet er på rundt ein million.
Byen er bygd på Chukukuåsane, men er prega av to fjellformasjonar i nærleiken, Zuma og Aso. Zuma skal vera det geografiske midtpunktet i Nirgeria. Fjellet blir kalla "Porten til Abuja", og grensa mellom hovudstatsterritoriet og delstaten Niger går her.
Aso ligg nord for Abuja, og byen spreier seg ut frå foten av fjellet. Tidlegare låg landsbyen Asokoro her, men nå er han og innbyggjarane hans blitt ein del av byen.
Abuja er kalla opp etter emiratet Abuja, som vart grunnlagt i 1828. Namnet tyder Abu den Raude, som var namnet til grunnleggjaren. Hovudstatsterritoriet ligg rett sør for det gamle emiratet, som no heiter Suleja.