Albert II av Belgia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Albert II (Albert Félix Humbert Théodore Christian Eugène Marie; fødd 6. juni 1934 i Brussel) er den regjerande kongen i Belgia. Han er den yngre sonen av Kong Leopold III (1901 - 1983) og den fyrste kona hans, Prinsesse Astrid av Sverige (1905 - 1935). Han tilhøyrer det tyske fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha.
Han etterfylgde den eldre bror sin Baudouin som belgisk konge. Før kroninga var han kjend som prins av Liège.
Han gifta seg 2. juli, 1959 med Paola Ruffo di Calabria
Han og dronninga har tre barn:
- Philippe Leopold Louis Marie hertug av Brabant (født 15. april 1960). Han gifta seg med Jonkvrouwe Mathilde d'Udekem d'Acoz. Dei har to born, prinsesse Elisabeth (som takka vere endringa av tronfylgjelova arvar trona etter han) og prins Gabriel Baudouin Charles Marie.
- Astrid Josephine Charlotte Fabrizia Elisabeth Paola Marie (fødd 5. juni 1962). Ho er kona til erkehertug Lorenz av Austria-Este.
- Laurent Benoït Baudouin Marie (fødd 19. oktober 1963). Han er gift med Claire Coombs, ein britisk-belgisk eigedomsmeklar.
Kong Albert har òg ei dotter utanfor ekteskap, Delphine Boel (fødd 1968), etter hans sidesprang med baronesse Sybille de Sélys Longchamps.
Føregjengar: Baudouin |
Konge i Belgia (1993– )
|
Etterfylgjar: — |