Fjellvåk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellvåk |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Buteo lagopus Pontoppidan, 1763 |
Fjellvåk (Buteo lagopus) er ein mellomstor rovfugl av haukefamilien mellom 49 og 59 cm lang og med eit vengjespenn som kan variere mellom 123 og 140 cm.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Han kjennast lett i flukt med ei lys underside og mørke knokkelflekkar. Fuglearten har eit kjenneleg skrik «piijæh».
[endre] Forvekslingsart
Somme tider kan ein forveksle fjellvåk med musvåk som har eit liknande skrik. Vengjeprofilen i glideflukt minner mykje om ørner, med lange og breie vengjeflater, og det kan skje forveksling med den mykje større kongeørna. Våken kan stoppe opp og stille, noko ørna ikkje kan.
[endre] Utbreiing
Fjellvåken hekkar i det sirkumpolære området — sjå kartet til venstre. Han er vanleg i Noreg og hekkar nord for Dovre og i fjellet i resten av Sør-Noreg. Bestanden varierer med tilgang på smågnagarar og med toppar i lemenår. Fjellvåken er trekkfugl og forlèt Noreg om hausten.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelder
- Svensson, Lars et al, Gyldendals store fugleguide, Gyldendal (1999) ISBN 8205255547
- Artikkel hos Nrk
Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over biologispirer. |