Gylfaginning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gylfaginning er første delen av den eldre Edda skriven av Snorre Sturlasson. Namnet tyder synskvervinga eller narreriet til Gylfe, som er ein mytisk svensk konge som ønsker å finna ut meir om æsene. Forteljinga er såleis ein viktig kjelde for vår kunnskap om norrøn gudetru.
I soga dreg Gylfe til Åsgard, der han tek på seg skikkelsen til ein gammal mann og tek namnet Ganglere. Men æsene visste alt før han kom om forkledinga, og skapte eit narrespel.
Då Gylfe kom til Åsgard fekk han sjå eit stort slott, og inni det sat det tre i høgseta: Høg, Jamhøg og Tredje. Gylfe som Ganglere la fram ærendet sitt og spurde dei ut om den norrøne trua. Då samtalen tok slutt, høyrde Gylfe eit veldig bråk rundt seg. Då han såg seg rundt var han åleine på ei stor, flat slette. Slottet og gudane var vekke. Etter den tid vandra han rundt og fortalde kva han hadde sett og høyrt.
[endre] På verdsveven
- Gylfaginning frå www.heimskringla.no (norrønt)
- Gylfaginning frå www.heimskringla.no (dansk)
- Kronikk om Odins narrespel før og no av Gro Steinsland