Iran
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Esteqlāl, āzādī, jomhūrī-ye eslāmī (farsi: Sjølvstende, fridom, den islamske republikken | |||||
Offisielle språk | Farsi (Persisk) | ||||
Hovudstad | Teheran | ||||
Styresett Øvste leiar
President |
Islamsk republikk Ali Khamenei Mahmoud Ahmadinejad |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 648 195 km² (17.) 0,7 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
68 017 860 (18.) — 41/km² (128.) |
||||
' Revolusjon |
11. februar 1979 | ||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
560 348 000 000 (19.) 8 065 (77.) |
||||
Valuta | Rial | ||||
Tidssone | UTC +3 | ||||
Nasjonalsong | Sorood-e jomhoori-e eslami | ||||
Nasjonaldag | Nyttår, navroz, 20-21. mars | ||||
Internasjonal telefonkode | +98 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ir | ||||
Den islamske republikk Iran (persisk: جمهوری اسلامی ایران), før 1934 kalla Persia, er eit land i Midtausten. Det grensar til Pakistan og Afghanistan i aust, Turkmenistan, Aserbajdsjan og Armenia i nord og Tyrkia og Irak i vest. Iran har kystlinje langs Persiabukta og Omanhavet i sør og mot Kaspihavet i nord.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Det moderne Iran har røter tilbake til Persarriket som blei til på 500-talet og dekka Iran, Afghanistan, Tyrkia, Tadjikistan og tilstøytande område. Etter tre forsøk klarte Alexander den store å erobra det, men riket fekk snart sjølvstende igjen. Muslimske styrkar fekk herredøme over landet på 600-talet, og blei seinare følgde av seldsjukane og mongolske erobrarar.
På 1500-talet blei landet igjen fritt, styrt av eigne sjahar eller kongar. Landet kom under press frå både Russland og Storbritannia på 1800-talet, og ei tid med modernisering tok til. Reformønske førte til den iranske grunnlovsrevolusjonen frå 1905 til 1911.
I 1953 blei den iranske stastministeren Mohammed Mossadeq avsett gjennom eit komplisert kupp dei britiske og amerikanske etteretningstenestene stod bak ("Operasjon Ajax"), truleg fordi Mossadeq var i ferd med å nasjonalisera dei iranske oljeressursane.
Demokratiet blei bytta ut med monarki, og sjahen Mohammad Reza Pahlavi blei stadig meir diktatorisk. Han moderniserte industrien i landet med sterk støtte frå USA og Storbritannia, men undertrykka òg folket sitt ved hjelp av tortur og andre brot på menneskerettane. I 1979 gjorde iranarane opprør, og etter over eit år med strid blei Iran til ein islamsk republikk etter ei folkerøysting. Ayatollahen Ruhollah Khomeini blei ny statsleiar.
[endre] Politikk
Iran er ein totalitær islamsk republikk med eit politisk system sett opp i grunnloven frå 1979. Landet har fleire styringsorgan, der representane til nokre av dei folkevalde og andre handplukka ut frå religiøse kriterium.
[endre] Geografi
Det iranske landskapet er prega av røffe fjellrekkjer som deler ulike basseng eller platå frå kvarandre. Dei folkerike områda i vest har mest fjell med rekkjer som Zagrosfjella og Alborz fjella. Desse siste har Irans høgste punkt, Damavand, på 5607 moh. I aust er det i hovudsak aude ørkenbasseng med nokre saltsjøar.
Langs kysten mot det kaspiske havet og ved den nordlege enden av Persiabukta er det sletter. Mindre, usammenhengende sletter finst langs resten av Persiagulf-kysten, Hormuz-sundet og Omanhavet.
Klimaet er hovudsakeleg turt eller halvturt, men subtropisk langs kysten av det kaspiske havet. Klimaet gjev varme somrar og kalde vintrar.
[endre] Provinsar
Iran har 30 provinsar (ostan-haa, eintal: ostan):
|
|
[endre] Økonomi
Økonomien er ei blanding av sentral planlegging, statseigde olje-selskap og andre store selskap, jordbruk styrt av landsbyer og små private handels- og service-foretak.
Iran er den nest største oljeprodusenten i OPEC. Landet har 10% av verdas kjende oljereservar og verdas nest største naturgass-reservar (etter Russland).
[endre] Demografi
Folketalet i Iran har auka dramatisk i siste halvdel av det tjuande hundreåret.
[endre] Språk
Majoriteten av Irans folk snakkar eitt av de iranske språka, men berre persisk er offisielt språk. Det største språket i Iran er det tyrkiske språket søraserbajdsjansk, som er førstespråket til omkring 23,5 millionar menneske (1997), eller omlag ein tredel av folketalet. 22 millionar snakkar persisk, 3,265 millionar snakkar mazanderani og omtrent like mange snakkar gilaki. kurdisk blir snakka av til saman seks og ein halv million kurdarar, fordelt på 3,25 millionar for sentralkurdisk, 3 millionar for sørkurdisk og 350000 for [[nordkurdisk]. Av semittiske språk talar kring 1,4 mill. arabisk. Ethnologue reknar opp til saman 77 språk for Iran, av dei 51 med informasjon om talarar. 13 av språka har meir enn 1 million talarar, i tillegg til dei lista opp ovafor er det turkmensk, qashqai, nordluri, domari, bakhtiari og sørluri.
[endre] Religion
Dei fleste iranarar er muslimar. 89 % tilhøyrer den sjiaislamske grein av islam, som er offisiell statsreligion. Rundt 10% høyrer til den sunniislamske grein, som dominerar innan den muslimske verda. Ikkje-muslimske religiøse minoritetar i Iran inkluderer bahá'í, parsisme, jødedom og kristendom.
[endre] Kultur
Iran er ein antikk sivilisasjon der kulturen er samlingspunktet og hjarta. Kunsten, musikken, arkitekturen, diktinga, filosofien, tradisjonane og ideologien til dette landet gjer iranaren til ein stolt verdsborgar. Iranarar trur deira kultur er den einaste grunnen til at den persiske sivilisasjonen har overlevd samanhengande gjennom fleire tusen år med mange katastrofar.
[endre] Kjelder
[endre] Sjå òg
[endre] På verdsveven
- Encyclopaedia Iranica
- Iranian Cultural & Information Center at Stanford University, California
- Iran Travel and Tourism Guide
- CIA World Factbook - Iran
- Yahoo! News Full Coverage Iran headline links
- HavenWorks' Iran News
- Directory of Iranian online newspapers
- Iran Oil and Gas
- Freedom of Expression in Iran - IFEX
- List of alleged weapons
- The Dismal Reality of Ahlus Sunnah in Iran
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |