Jean Sibelius
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan (Jean) Julius Christian Sibelius (fødd 8. desember 1865, død 20. september 1957) var ein finsk komponist av klassisk musikk. Saman med arbeidet til Johan Ludvig Runeberg og Veikko Antero Koskenniemi er Sibelius' musikk synonymt med den finske nasjonalidentiteten.
Jean Sibelius voks opp i ein finlandssvensk familie i Hämeenlinna i Finland, som då var eit russisk storhertugdøme. Familien bestemte seg for å sende Jean til ein finskspråkleg skule. Dette meinar ein var eit uttrykk for den finske nasjonalismen, som skulle bli viktig for Sibelius' kunstnariske produksjon.
Komposisjonane han er mest kjend for er Finlandia, Valse Triste, fiolinkonserten, Kareliasuiten, Tuonela-svana, fleire verk som var inspirert av Kalevala og sju nummererte symfoniar.
[endre] På verdsveven
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |