Karbonmonoksid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karbonmonoksid (CO) er ei kjemisk sambinding av eit karbonatom og eit oksygenatom. Bindinga er kovalent. Den luktfrie gassen er òg kjend som kolos.
Karbonmonoksid vert danna ved ufullstendig forbrenning. Eksos er ei kjelde til utslepp. Bilkatalysatorar omdannar karbonmonoksid til karbondioksid.
[endre] Biologisk rolle
Karbonmonoksid er giftig å pusta inn i store mengder fordi det kan binda seg til hemoglobin i staden for oksygen. Ein konsentrasjon i lufta av 0,1% karbonmonoksid kan vera døydelge.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over kjemispirer. |