Nedstrand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
Nedstrand er namnet på ei nut- og skogtekt halvøy ved Nedstrandsfjorden i Ryfylke i Rogaland.
Innhaldsliste |
[endre] Halvøy i Ryfylke. Øy i Haugalandet
Nedstrand var fyrst eit formannskapsdistrikt under namnet Hinderaa og tekte då Sjernarøyane og Ombo attåt Nedstrandshalvøya. I 1868 vart Sjernarøyane skilt ut til eige herad, og i 1881 skifte Hinderaa-heradet namn til «Nerstrand», som var eit sjølvstendig herad fram til 1964, då det vart innlema i Tysvær, ein kommune som elles høyrer til i eit anna landskapet, Haugalandet, nørdst i Rogaland. Ei brosjyra frå 60-talet omtalar Nedstrand som «Perla i Ryfylke». Klimaet på Nedstrand er typisk for Ryfylke: det er lunt, gode tilhøve for fruktdyrking. Den høgste nuten på Nedstrand er Dalvanuten på over 600 meter. Det er mange fiskevatn på Nedstrand, og det største er Lysevatnet som er ei mil langt og sers djupt, men som ligg mindre enn ein kilometer frå sjøen. (Lysevatnet og Hinderå deler nestan halvøya i to.) Enden av Lysevatnet heiter Vassendvik. Ved Hinderåa, mellom Hinderåvågen og Lysevatnet, ligg i dag eit oppdrettsanlegg for smolt. Her dreiv tidlegare Tveit jordbruksskule eit lite kraftverk. Her, ved elva og ut mot havet –men stengd inne av ei bru som går over den hindrande Hinderåa– ligg og den gamle kyrkjegarden frå mellomalderen, som enno i dag har ein ekte gapestokk i stein ståande. Ved kyrkjegarden låg òg den gamle kyrkja som i 1868 vart bytt ut med den nye litt lenger oppe frå havet.
Tysværtilknytinga og den betre bilvegen som då kom, har mykje gjort Haugesund til «byen» for nedstrandsbuen, i motsetnad til tidlegare då havet var vegen og Stavanger «byen». Nedstrandshalvøya har to tettstader: Hinderåvåg og Stranda. Stranda, som byrjar med byggjefeltet Stuvik, er skilta med blått vegskilt som «Nedstrand». På veg til Stavanger for ferja innom mange av Ryfylkeøyane: t.d. Talgje, Finnøy/Judaberg.
[endre] Næringsliv
Næringslivet vert prega av det offentlege (gamleheim, skulestell, «kommunen»), Den norske kyrkja, jordbruk, litt skogbruk og akvakultur, sjøfart, litt turisme, fiske og sjølvsagt oljå i oljefylket
[endre] Litt soga
I danskestida var Nedstrand ein viktug stad for utskiping tømmer, med status som tollstad, noko som gjorde at staden tevla med Stavanger om å vera viktigaste stad i amtet. Heilt til Rennfast kom, gjekk det bilferja frå Nedstrand til Stavanger. Når ferjesambandet mellom Skudnes og Stavanger ein gong i mellom vart stengd eller sprengd, kom folk gjerne køyrande for å fara med nedstrandsferja i staden. Turen tok pålag 3 timar. Framleis går det snøggbåt same veg, og «tofflå» («tøfla» – ei lita ferja) går framleis til ferjestadene i nærleiken (Jelsa m.m.). Nedstrandsferja hadde eit eige ferjestø i Stavanger.
Nedstrand var fram til kring år 2000 eit eige prestegjeld med sokneprest på prestegarden på Hinderåvåg, rett attmed Nedstrand kyrkja. Prestegjeldet tekte både Nedstrandshalvøya og nokre av øyane utføre (Ombo og (delar av) Sjernarøyane - Sjernarøyane hadde vore ein del av Hinderaa formannskapsdistrikt, sjå nedanfor.), sjølv om dei med kvart hamna i andre herad og kommunar enn soknepresten sjølv. Formannskapsdistrikta fylgde prestegjeldsgrensene, og noko av dette hekk att for prestegjeldet sjølv etter Sjernarøyane vart til utskild til Sjernarøy herad etter at Hinderaa herred/formannskapsdistrikt/herad 1. januar 1868 vart delt.) Sidan kring år 2000 høyrer Nedstrand kyrkjelyd og presten, som no er residerande kapellan, inn under Tysvær prestegjeld.
Namnet Nedstrand er ei normert form av stadnamnet. Nerstrand er slik det står på gamle kart og dilikt, og dette vart òg namnet på heradet frå og med 1881. Og dette, saman med Nesstrand er òg ein vanleg måte å uttala namnet på i målføret på Nedstrand og i landet i kring. Kva tid namnet vart normert til Nedstrand er ukjend. Ein som kjem frå eller bur i Nedstrand, vert anten kalla ein nedstrandsbu eller ein nedstrending.
Nedstrand førekjem i Garman & Worse av Alexander Kielland. Fjernsynsfilmen Garman & Worse vart i stor grad spela inn på Sandsgaard, som ein staseleg gamal futegard ( futen budde der]]) ikkje langt frå Stranda.
Nedstrand var altså ein stor liten stad i gamle dagar. Her var lensmann og fut, distriktslækjar, sokneprest, boksamling, fleire grendeskular, jordbruksskule, ferjekai osb.
Nedstrand valde tidleg landsmål som offisiell skriftform og held på nynorsken i dag òg.
[endre] Kjende nedstrandsbuar
- Niels Henrik Abel vart kann henda fødd i Nedstrand eller i Nedstrand/Hinderaa prestegjeld.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |