Nidarosdomen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nidarosdomen (eigentleg Nidaros domkyrkje) i Trondheim er domkyrkje for Nidaros bispedøme. Ho er den største kyrkja i Noreg og den nest største gotiske kyrkja i Norden (etter Uppsala domkyrka i Sverige). Truleg kan ho òg seiast å vera den viktigaste kyrkja i Noreg.
Namnet Nidaros kjem av oset til Nidelva. Nidaros er eit gamalt namn på Trondheim by.
Kyrkja er bygd over det som skal vera gravstaden til Heilag-Olav (kong Olav II av Noreg). Han vart drepen i slaget ved Stiklestad i 1030. Ei kjelde med heilag vatn skal ha sprunge fram der kongen hadde vora gravlagd den første vinteren. Etter tradisjonen skal det vera der brunnen er i kyrkja i dag. Etter kvart vart kong Olav rekna som ein heilag mann, og han fekk helgenstatus av den romersk-katolske kyrkja som ein martyr, ein som døydde for si kristne tru. Pilgrimar vandra frå heile Europa for å koma til gravstaden til Heilag-Olav. Kyrkja vart bygd mykje for å kunna ta i mot pilgrimane.
Nidarosdomen er nasjonalheilagdom for Noreg. I den norske grunnlova av 1814 vart det slege fast at regent av Noreg skal kronast i Trondheim. Nidarosdomen vart sist brukt som kroningskyrkje i 1906, då kong Haakon VII vart krona. Etter avskaffinga av kroningssermonien har kyrkja vore nytta til signing av regenten. Dei norske kronregalia vert lagra i kyrkja.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Eit lite trekapell vart bygd om lag 1035. Om lag 1070 lét kong Olav III Kyrre byggja ei større Kristkyrkje. Kyrkja var av stein og stod ferdig om lag i 1090. Olavsskrinet med Heilag-Olav i stod på høgalteret i Kristkyrkja.
I 1152/53 vart Noreg ein eigen kyrkjeprovins. Nidaros vart vald som erkebispesete. Dei to fyrste erkebispane, Jon og Øystein, sette i gong eit stort byggjeprosjekt for å gjera Kristkyrkja større. Dei nye delane vart bygd i anglo-normannisk-romansk stil.
I 1183 kom erkebisp Øystein heim att frå England. Byggjestilen vart lagt om til tidleg-gotisk stil.
Kyrkja stod ferdig kring år 1300.
Katedralen vart herja av brann i 1327 1432, 1451 (truleg) og 1531. I 1708 brann heile katedralen, unnateke steinmurane. Kyrkja brann att i 1719 etter lynnedslag.
Ei stor gjenoppbygging av katedralen starta i 1869, og vart offisielt gjort ferdig i 2001.
[endre] Orgel
Nidarosdomen har to store pipeorgel, som båe er rekna for å ha stor historisk verdi. Det eldste vart bygt av den tyske orgelbyggjaren Johann Joachim Wagner i 1738-39, og vart sett opp av meistersveinen Peter Migend i 1741. Det har 30 stemmer, 2 manual og pedal, og står på eit galleri i det nordlege tverrskipet. Etter å ha vore lagra i kyrkja frå 1930 vart det i 1994 restaurert og sett opp att av Jürgen Ahrend.
Til 900-årsmarkeringa av slaget på Stiklestad i 1930 vart eit nytt stort orgel tinga frå den tyske orgelfabrikken Steinmeyer. Då det stod ferdig hadde det 127 stemmer, 4 manual og pedal. Under ei svær ombyggjing på 1960-talet vart Steinmeyer-orgelet flytt til eit nytt galleri i vestenden av kyrkja, og mange stemmer vart fjerna. Dette øydela mykje av heilskapen i instrumentet, og det er planar om ei altomfattande restaurering.