Nordsamisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordsamisk (davvisámegiella) |
|
---|---|
Tala i: | Noreg, Sverige, Finland |
Område: | Nordland, Troms, Finnmark, Norrbotten, Lapplands län |
Nordsamisktalande i alt: | 18000 |
Rangering: | Ikkje topp-100 |
Klassifisering: | Uralsk samisk |
Offisiell status | |
Skriftsystem: | latinsk |
Offisielt språk i: | Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Tana, Porsanger, Kåfjord, Enontekis, Utsjok, Enare |
Normert av: | Samisk språkråd |
Språkkodar | |
ISO 639-1: se | ISO 639-2: sme |
ISO 639-3: {{{iso3}}} | SIL: sme |
Nordsamisk, eitt av dei samiske språka, eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien, er det samiske språket med flest talarar, ca. 18000. Det blir snakka i Troms og Finnmark, og i tilgrensande område i Finland og Sverige.
Innhaldsliste |
[endre] Skriftspråk og alfabet
Sjå også uttale av nordsamisk skriftspråk.
Det noverande skriftspråket er frå 1979, og blir brukt både i Noreg, Sverige og Finland. Tidlegare vart det brukt eit eige skriftspråk i Finland, mens Noreg og Sverige frå 1948 hadde ei sams nordsamisk rettiskriving. Sjå nordsamisk ortografi. Det nordsamiske skriftspråket har eit regelmessig samband mellom bokstav og lyd, sjølv om sambandet ikkje er så direkte som t.d. i finsk.
Det nordsamiske alfabetet består av desse bokstavane (i denne rekkjefølgja):
- a, á, b, c, č, d, đ, e, f, g, h, i, j, k, l, m, n, ŋ, o, p, q, r, s, š, t, ŧ, u, v, w, x, y, z, ž, æ, ø, å
I Sverige og Finland brukar dei ä, ö heller enn æ, ø, og der blir dei tre siste bokstavane sortert å, ä, ö.
Av desse bokstavane er det nokre som har same uttale som på norsk, nokre som ikkje finst på norsk, og nokre som finst på norsk, men har ulik uttale i norsk og nordsamisk. Både i norsk og samisk kan same bokstav ha ulik uttale i ulike samanhengar.
Bokstavar med omtrent same lydverdi på nordsamisk og norsk er: b, d, e, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v. Bokstavar med ulik lydverdi i nordsamisk og norsk er: c, i, o, u, z. Bokstaven c blir uttalt ts, og z blir uttalt ds. Bokstavane o og u blir uttalt som i tysk, dvs. som u, o i norsk kumlokk. Bokstaven i blir uttalt som i norsk, bortsett frå der han står etter ein vokal, då blir han uttalt som j. Bokstavane á, č, đ, ŋ, š, ŧ, ž finst ikkje på norsk. Bokstaven á blir i vest uttalt som lang a, i aust som æ. č er tsj, ž er dsj, og š er sj. đ er som i engelsk this, og ŧ som i engelsk thing. đ blir ofte skrive som islandsk ð, men det er feil. Bokstavane w, x, y, æ, ø, å finst ikkje i samisk. I visse kombinasjonar kan bokstavane bli uttalt på andre måtar, jf. uttale av nordsamisk skriftspråk.
[endre] Grammatikk
Nordsamisk ligg i sentrum av det samiske språkområdet, og har på mange felt endra seg meir frå det samiske urspråket enn dei andre språka.
[endre] Fonologi
Nordsamisk har eit femvokalsystem, i, e, a, o, u, desse kan vere korte eller lange. Lang a blir skrive med ein eigen bokstav, á. Konsonantsystemet er rikt. Stadievekslinga i nordsamisk er svært rik, der det i finsk berre er stadieveksling for (ulike kombinasjonar av) p, t, k, er så godt som alle dei nordsamiske konsonantane med i stadievekslingssystemet. I og med at genitiv og akkusativ ikkje har eigne suffiks, ligg den einaste skilnaden mellom nominativ og genitiv/akkusativ i stadievekslinga. Ordet for "fisk" er guolli, i genitiv er det guoli. Jf. finsk, der det same ordet er kala i nominativ, og kalan i genitiv, med skilnad i suffikset og ikkje i stadievekslinga.
[endre] Morfologi
[endre] Ordklassar
Ordklasser i samisk
Samisk har tre opne ordklassar, substantiv, adjektiv og verb, og ein del lukka ordklasser.
- Ord med bøying
- Substantiv er ord som blir bøygd i kasus og numerus (singularis og pluralis) men ikkje i grad, og som kan få possessivsuffiks etter seg.
- Adjektiv er ord som blir bøygd i grad og i kasus, og som har ei eiga attributtform som blir brukt når det står framfor eit substantiv.
- Verb er ord som blir bøygd i tempus.
- Pronomen er ord som kan stå i staden for substantiv. Samiske pronomen blir bøygd i kasus, numerus (singularis, dualis og pluralis), men til skilnad frå norsk, ikkje i genus (son betyr både «han» og «ho»). Samisk har fleire slags pronomen:
- Personlege pronomen mun, ...
- Interrogative pronomen gii.
- Refleksive pronomen iežas.
- Resiproke pronomen
- Determinativar er ord som kan modifisere substantiv.
- Kvantorar, som máŋga
- Det er eit ope spørsmål om det er fruktbart å skilje mellom demonstrative determinativar og demonstrative pronomen, i og med at desse to klassene overlappar (dat (viessu) lea doppe "det huset/han/ho er der").
- Ord utan bøying
- Adposisjonar er ord som står før (preposisjonar) eller etter (postposisjonar) substantivfraser. Dei fleste adposisjonane er ubøygd.
- Subjunksjonar er ord som innleiar leddsetningar. Samiske subjunksjonar er t.d. ahte «at».
- Konjunksjonar er ord som bitt saman like setningsledd. Samiske konjunksjonar er t.d. ja «og».
- Interjeksjonar er ord som kan stå i staden for ytringar. Samiske interjeksjonar er t.d. hui, vuoi.
[endre] Grammatiske kategoriar
Nordsamisk har sju kasus, eller seks om ein reknar genitiv og akkusativ som eitt kasus, noko det er gode grunnar for å gjere. Kasusa er dei grammatiske nominativ, genitiv og akkusativ, lokalkasusa illativ og lokativ og dei andre adverbiale komitativ og essiv. Til skilnad frå andre samiske språk har i-kasus og frå-kasus falle saman til eitt lokativt kasus, lokativ Kárášjogas kan dermed tyde både "i Karasjok" og "frå Karasjok", mens illativ Kárášjohkii tyder "til Karasjok". Andre lokale relasjonar blir uttrykt med postposisjonar, som t.d. birra "om", haga "utan". Eigeforhold blir uttrykt med genitiv av dei personlege pronomena, mu fanas "min båt". Eit tidlegare system, med possessivsuffiks, er no mest i bruk i slektskapstermar, vielljan, vielljat "min bror, din bror" (av viellja, "bror"), og som anafor, Máret bassa beatnagis "Marit vaskar hunden sin", der -s i beatnagis er eit possessivsuffiks som viser til Máret. Nordsamisk har tre numerus, singularis, dualis og pluralis.
[endre] Syntaks
Syntaktisk ber nordsamisk preg av lang kontakt med germanske språk, med grunnleggjande SVO-ordstilling. Det er likevel tendens til SVOV, der det første verbet er hjelpeverb og det andre hovudverb, som i Máret lea beatnaga bassan "Marit har vaska hunden".
[endre] Historie
Nordsamisk vart først skildra av Knud Leem (En lappisk Grammatica efter den Dialect, som bruges af Field-Lapperne udi Porsanger-Fiorden, 1748), og ordbøker i 1752 og 1768. Ein samtidig samisk grammatikar var Anders Porsanger, som m.a. studerte på Katedralskolen i Trondheim, men som på grunn av rasistiske haldningar i samtida ikkje fekk publisert verka sine om samisk. Storparten av dei er dessverre gått tapt.
Røttene til dagens nordsamiske rettskriving går attende til Rasmus Rask, som etter samtalar med Nils Vibe Stockfleth i 1832 gav ut Ræsonneret lappisk sproglære efter den sprogart, som bruges af fjældlapperne i Porsangerfjorden i Finmarken. En omarbejdelse af Prof. Knud Leems Lappiske grammatica. Rask gjekk inn for at ortografien skulle bli basert på prinsippet ein lyd - ein bokstav. Alle nordsamiske ortografiar går attende til Rasks system, til skilnad frå dei lulesamiske og sørsamiske ortografiane, som i større grad er basert på svenske og norske ortografiske konvensjonar. Arven etter Rask viser seg i bruken av diakritiske teikn på konsonantane, bruken av dei nordsamiske bokstavane č, đ, ŋ, š, ŧ, ž var eit problem i datasamanheng fram til innføringa av Unicode. Både Stockfleth og seinare J.A. Friis publiserte samiske grammatikkar og ordbøker, før Ivar Aasen sin grammatikk kom ut var nordsamisk langt betre skildra enn norsk. Sjå også oversikta over samisk språkforsking i Noreg.
Nordsamisk vart brukt i tre ulike land, svært lenge med ulik rettskriving i dei tre landa. Friis si rettskriving vart i Noreg tatt i bruk i den samiske bibelomsetjinga, den første samiske avisa Sagai Muittalægje, og i Finnemisjonen sitt blad Nuorttanaste. Grunnverket i nordsamisk leksikografi, Konrad Nielsen si Lappisk ordbok, bruker ein eigen ortografi. Frå 1948 vart ortografiane i Noreg og Sverige slått saman i den såkalla Bergsland-Ruong-ortografien. Denne ortografien vart lite brukt i Noreg, i og med at styresmaktene her praktiserte ein politikk som i praksis gjorde samisk forbode som bruksspråk. I Sverige var det undervisning på samisk i Sameskolan, der førte den såkalla Lapp ska vara lapp-politikken til ein politikk for reindriftssamar med sikte på å halde dei separert frå storsamfunnet. I 1979 kom den noverande nordsamiske rettskrivinga, ei sams rettskriving for alle dei tre nordiske landa.
Både mobiliseringa rundt Alta-saka og eit meir tolerant politisk klima førte til ei endring i den norske assimileringspolitikken dei siste tiåra av 1900-talet. I dag er nordsamisk offisielt språk i to fylke og seks kommunar, Kautokeino, Karasjok, Nesseby, Tana, Porsanger og Kåfjord, dei fem første i Finnmark og Kåfjord i Troms. Samar fødd før ca. 1977 har ikkje lært å skrive samisk (etter dagens rettskriving) på skolen, så det er først dei siste åra det har vorte tilgang på skrivekyndige samar til ulike administrative stillingar.
[endre] Utdanning
Nordsamisk er (i større eller mindre grad) opplæringsspråk i grunnskolen i den nordsamiske delen av det offisielle samiske språkområdet. I tillegg er det mogleg å gå vidaregåande skole på nordsamisk i alle fall i Kautokeino, Karasjok og Utsjok. Den samiske høgskolen i Kautokeino er den einaste høgskolen som blir administrert på samisk, og der undervisningsspråket på heile høgskolen er nordsamisk. I tillegg er det mogleg å studere samisk på universitetsnivå, på universiteta i Tromsø, Umeå, Uppsala, Uleåborg og Helsingfors, og ved ein del universitet utanfor Norden, spesielt i Tyskland og Ungarn.
[endre] Eksterne lenkjer
- Samisk språkråd sin termbank
- Nordsamisk grammatikkskisse på nettet
- Sametinget sitt ordretteprogramprosjekt for nordsamisk
- Nordsamisk grammatisk analyse
- E-skuvla.no
Samiske språk |
akkalasamisk | enaresamisk | kildinsamisk | lulesamisk | nordsamisk | pitesamisk | skoltesamisk | sørsamisk | tersamisk | umesamisk |