Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tana (sam. Deatnu, off. Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grenser til Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Over Tanaelva ligg kommunen Utsjoki i Finland. Ein kan passera grensa ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.
Dei viktigste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, samisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.
[endre] Kjende tanaværingar
[endre] Bakgrunnsstoff