Stellers sjøku
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stellers sjøku (Hydrodamalis gigas) var ei stor sjøku som haldt til i Beringhavet. Ho er no utdøydd.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad og levevis
Sjøkua var mykje større enn dei nolevande manatane og dugongen. Ho kunne bli litt over 10 meter lang og vega tre og eit halvt tonn. Ho likna ein stor sel, men hadde to tjukke forlemmar i staden for finnar.
Naturforskaren Georg Steller oppdaga dyret i 1741 då han stranda saman med oppdagaren Vitus Bering utanfor Kamsjatka. Han fann ein liten bestand i dei kalde vatna rundt Bering-øya og Copper Island i nærleiken. Nartuforskaren sa om dyret at det alltid levde i vatnet, at huda var svart og tjukk, «som barken på ei gamal eik», hovudet var lite i tilhøve til kroppen, og det hadde ikkje tenner, berre to flate kvite bein oppe og nede i munnen. Dyra levde på tang og tare, og der dei hadde beita vart store mengdar stilkar og røter av desse plantane vaska til lands.
[endre] Nedgang
Mannskapet til Bering slakta ei av sjøkyrne etter at dei hadde vore stranda i seks veker. Dei fann ut at kjøtet smakte som kalv, var svært haldbart, og ga dei mykje næring. Då sjømenn og fangstfolk følgde i Bering sitt kjølvatn, drap dei sjøkyr både for kjøtet sin del, og for skinnet, som dei kunne laga båtar av. Sjøkyrne fantest berre i eit lite antal sjøkyr på eit avgrensa område allereie då Steller skildra dei. I 1768, mindre enn tretti år etter at ho vart oppdaga, var Stellers sjøku utrydda.
[endre] Fortsatt i live?
Ein får av og til rapportar om dyr som kan vera sjøkyr i Bering-området, så det kan fortsatt finnast ein liten bestand av dyr som har overlevd. Så langt har ein likevel ikkje klart å prova dette.