Stjørna
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjørna (Skjørn) er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Sør-Trøndelag fylke, no delt mellom Bjugn og Rissa kommunar.
Stjørna var frå 1837 ein del av Ørland kommune, men følgde med då Bjugn vart utskild frå Ørland som eigen kommune i 1853. Stjørna (Skjørn) vart eigen kommune 1. januar 1899 då Bjugn vart delt i tre kommunar: Bjugn, Nes og Stjørna. Stjørna hadde då 2 166 innbyggjarar. Senteret i kommunen var Husbysjøen.
1. januar 1964 vart Stjørna kommune delt og slegen saman med andre kommunar. Den sørlege delen (Sør-Stjørna) med 1 868 innbyggjarar vart samanslegen med Rissa kommune og det meste av Stadsbygd til den nye Rissa kommune.
Den nordlege delen (Nord-Stjørna) med 676 innbyggjarar vart samanslegen med Bjugn, Jøssund og Nes kommunar til den nye Bjugn kommune.
Stjørna hadde eigen sparebank 1886-1975. Banken vart stifta som Skjørn Spare- og Låndeindretning, og skifta namn til Stjørna Sparebank i 1925. Den fusjonerte med Trondhjems og Strindens Sparebank i 1975, men dreiv vidare under eige namn til ein ny fusjon i 1985.
Selskapet Ny Jord oppretta bureisinggsområde i Stjørna, og det vart rydda ei rekkje gardsbruk på 1920- og 30-talet.
Bryggerekkjene i Råkvåg i Stjørna er eit populært kulturminne, og har gjeve opphav til mykje rorbu- og kulturturisme.