Tiger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tiger |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Bengaltiger Panthera tigris tigris |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Underartar | ||||||||||||||
|
Tigeren er eit stort rovdyr som lever i ymse skogområde i Asia. Det er det største av kattedyra, og høyrer med mellom dei mest frykta pattedyra i verda.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Det finst åtte ulike underartar av tigrar, og dei varierer i storleik. Den største, sibirtigeren (Panthera tigris altaica), har ei kroppslengde mellom 270 og 310 cm og ei vekt på opptil 260 kg. Dei minste variantane, som lever i Indonesia, veg heilt nede i 100 kg og er ikkje lengre enn 220-270 cm.
[endre] Utbreiing
Dei ulike tigerunderartane lever i isolerte populasjonar i fleire asiatiske land, m.a. India, Mandsjuria, Bangladesh, Burma, Nepal, Kina og Indonesia. Bestanden er størst i mangroveområdet Sundarbarns i India og Bangladesh, der det heldt til over 3000 bengaltigrar.
[endre] Åtferd
Tigeren lever åleine i store territoriar, og har berre kontakt med artsfeller i paringstida. Han er hovudsakeleg nattaktiv, og lever for det meste på store pattedyr han angripar bakifrå eller frå sidan. Menneskeetande tigrar førekjem berre unntaksvis; det dreier seg då oftast om skadde eller eldre individ som ikkje er i stand til å jakta på dei vanlege byttedyra.
[endre] Kjelder
Kategoriar: Kattedyr | Pattedyr | Rovdyr