Tsjuvansk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjuvansk (Чăваш чěлхи) er språket til tsjuvasjane, og det offisielle språket i den tsjuvasjiske republikken i Russland. Det er det einaste levande førbulgarske språket i den tyrkiske språkfamilien. Tsjuvansk vert snakka av om lag 1 774 000 menneske i Russland (1993 [1]).
[endre] Skrift
Tsjuvansk blir skrive med det tsjuvasjiske alfabetet, som er eit kyrillisk alfabet avleia av det russiske. Tsjuvansk har likevel brukt mange ulike skriftsystem, frå ei runeskrift i før-islamsk tid, til det arabiske alfabetet, til tsjuvasjane slutta å skriva etter å ha blitt invaderte av mongolane.
Det moderne skriftspråket blei skapt av I. Ya. Yakovlev i 1873. Det blei revidert i 1938, og i dag blir den reviderte forma brukt.
[endre] Litteratur
Omlag samstundes som ein sette i gang å laga eit tsjuvansk skriftspråk, tok ein òg til å interessera seg for den munnlege litteraturen til tsjuvasjane. Mange forskarar samla og gav ut noko av dette materialet, som vidare inspirerte andre til å skriva ny tsjuvansk litteratur. Arşurri (Visdomskogen) av M.F. Fjodorov blir sett på som utgangspunktet for den moderne skjønnlitteraturen på språket. Ein annan viktig milepæl var den første avisa på språket, Hibar (Nyhende) som kom ut første gongen i 1905. To år seinare blei avisa stoppa av tsaren, men den tsjuvanske målreisinga var alt i rørsle.
[endre] Målføre
Språket har to hovuddialektar, virjal eller over-tsjuvansk og anatri, eller neder-tsjuvansk. Det litterære språket bygger på den nedre dialekten.
Tsjuvansk er blitt påverka av finsk-ugrisk og tatarspråk. Det har òg mange lånord frå russisk, marisk, persisk og arabisk.
Tyrkiske språk |
tsjuvansk |
sørtyrkiske språk: | khalajisk | gagauzisk | tyrkisk | krimtyrkisk | turkmensk | azerbaidsjansk | quashkaisk |
austtyrkiske språk | uighursk | uzbekisk | salarsk |
vesttyrkiske språk | basjkirsk | karachaysk | karaimsk | kumyksk | tatarsk | barabask | krimtatarsk |
sentraltyrkiske språk | nogaisk | karakalpakisk | kazakhisk | kirghizisk |
nordtyrkiske språk | jakutisk | dolgansk | khakassisk | altaisk | nordaltaisk | chulymsk | shorisk | tuvinsk | karagassisk |