Bit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein bit (forkorta b, og uttala bitt) er ei grunnleggande ening for diskrét informasjon. Ein bit kan ha éin av to ulike verdiar, vanligvis representert ved «0» og «1», «true» og «false», «av» og «på» eller ein kva som helst annan kombinasjon av to gjensidig utelukkande tilstandar.
Omgrepet vart først nytta av Claude E. Shannon i ein artikkel frå 1948. Ordet er ei sammentrekking av binary digit (eventuelt binary digit).
I elektroniske system vert det ofte nytta byte om ei samling av bit, opprinneleg av varierande storleik. I dag er ein byte i praksis alltid åtte bit. Åttebit-byte er også kjent som oktett, medan firebit varianten er kjent som nibble. I nokon maskinvare-arkitekturar er 16 bit eit ord, word, medan 32 bit eit double word (dword). I signalhandsaming og digitalteknikk vert ofte ei samling av bit av varierande lengd kalla ord på norsk.
I tele- og datakommunikasjon vert overføringskapasitet ofte gjeve i bit/s (bit per sekund).
Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over elektronikkspirer. |