Bronsealdergravrøysene i Sammallahdenmäki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bronsealdergravrøysene i Sammallahdenmäki er nokre gravrøyser frå bronsealderen. Røysene ligg ved landsbyen Kivikylä i kommunen Lappi i Västra Finlands län i Finland. På grunn av sin verdi som eit arkeologisk kulturminne, vart røysene teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1999.
Området i Sammallahdenmäki vert utgjort av totalt trettitre gravrøyser frå bronsealderen (1500 f.Kr.-500 f.Kr.). På den tida låg området ved kysten. Gravene er laga i tre ulike mønster. Det finst låge og runde små røyser, store røyser forma som ein høystakk og runde ringforma. Ein del av gravene er firkanta og vert kalla ”kyrkgolvet” (kyrkjegolvet). Firkanta steinrøyser er ikkje kjende frå andre delar av Finland. Formen er uvanleg i heile området til den skandinaviske bronsealderkulturen. I fylgje ei segn på folkemunne tevla riser med nokre kristne om kven som kunne byggja ei kyrkje snøggast. Dei kristne vann tevlinga, og den firkanta røysa er grunnmuren til den kyrkja som risene bygde.
[endre] Lenkjer ut
Danmark: | |
Finland: |
Gamle Raumo | Sveaborg festning | Petäjävesi gamle kyrkje | Verla tresliperi og pappfabrikk | Bronsealdergravrøysene i Sammallahdenmäki |
Noreg: |
Bergstaden Røros | Bryggen i Bergen | Geirangerfjorden | Helleristingsområdet i Alta | Nærøyfjorden | Urnes stavkyrkje | Vegaøyane | Struvemeridianen |
Sverige: |
Birka og Hovgården | Drottningholms slott | Engelsbergs bruk | Falun og kopparbergslagen | Gammelstads kyrkstad | Hansabyen Visby | Helleristingsområdet i Tanum | Höga kusten | Laponia | Grimeton kringkastar | Skogskyrkogården | Kulturlandskapet på Södra Öland | Orlogsbyen Karlskrona |
Island: | |
Grønland: |